Astrid Sverresdotter Dypvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 19. oktober 1977) frå Lensvik i Agdenes (no busett i Oslo) er ei norsk målkvinne og frilansjournalist. Ho var leiar i Norsk Målungdom 2000-2002. Som journalist har ho mellom anna skrive for Morgenbladet og Klassekampen. Ho er no (2006) mastergradstudent i historie ved Universitetet i Oslo.
Under hennar leiartid arbeidde Norsk Målungdom særleg for å få dataprogram på nynorsk, og organiserte mellom anna (saman med Elevorganisasjonen) Elevstreik for nynorsk data 28. september 2000, der 30 000 elevar streika.
Føregjengar: Magnus Bernhardsen |
Leiar i Norsk Målungdom |
Etterfylgjar: Gudrun Kløve Juuhl |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |