Noregs Mållag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noregs Mållag er ein norsk organisasjon som vart stifta i 1906 for å fremja landsmål (nynorsk). Organisasjonen gjev ut medlemsbladet Norsk Tidend. Noregs Mållag deler kvart år ut Målprisen, Nynorsk litteraturpris, Nynorsk barnelitteraturpris og (frå 2006) Nynorsk næringslivspris. Føremålet til Noregs Mållag er å arbeida for å gjera den norske målreisingstanken til røyndom.
Noregs Mållag vart skipa på eit målstemne 4.–5. februar 1906, samstundes som partiet Venstre hadde landsmøte. Fram til 1922 var namnet Norigs Maallag. Fyrste formann vart Marius Hægstad. Leiar frå 2006 er Hege Myklebust. Noregs Mållag har saman med ungdomsorganisasjonen Norsk Målungdom om lag 12 000 medlemer.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Tida før skipinga i 1906
Før skipinga av Noregs Mållag fylte andre organisasjonar og institusjonar rolla som hovudorgan for den nynorske målreisinga. Det Norske Samlaget (skipa 1868) hadde som føremål å fremja bokutgjeving på nynorsk og dialekt og fungerte dessutan frå 1870-åra som politisk hovudorganisasjon for målreisinga. Ei særleg viktig rolle fekk Samlaget som kontaktorgan mellom staten og målrørsla, og løyvingane til nynorske føremål frå 1881 (til publisering og nynorskkurs for lærarar) vart kanaliserte gjennom Samlaget.
Medan Samlaget heldt på denne rolla som kontaktorgan, kom det frå midten av 1890-åra til tre andre nynorsktiltak som tok over andre sentralfunksjonar for målrørsla. Med målavisa Den 17de Mai (1894) vart det etablert eit nytt tyngdepunkt for agitasjon og politisk strategiutvikling i hovudstaden. Redaktør Rasmus Steinsvik (1894–1913) vart den sterke mannen og den leiande strategen i målrørsla, iallfall fram til 1906. Finansieringslaget Maalkassa (1895–ca. 1910) sprang ut av miljøet kring Den 17de Mai og vart etablert og drive av framståande målfolk.
Attåt å reisa pengar til måltiltak, fekk Maalkassa òg raskt ein posisjon som uformelt landslag for målreisinga. Særleg viktig vart Norsk maalkontor (1900–1915) som Maalkassa og Samlaget etablerte i lag og som Maalkassa finansierte. No fekk målrørsla ein fast distribusjonssentral for nynorske skrifter og ein agitasjonssentral. Med Noregs Ungdomslag (skipa 1896) fekk målrørsla òg ein brei landsorganisasjon med fleire hundre lokallag og mange tusen medlemer. Alt frå skipinga gjorde samskipnaden målsaka til fremste arbeidsoppgåve. Ideen om å etablera eit eige landslag for målsaka vart fyrst reist alt kring 1870 i Vestmannalaget (skipa 1868), og diskusjonen kom jamt opp gjennom 1880- og 90-åra, særleg i målmiljøet i hovudstaden.
Grunnleggjaren av Samlaget, H. E. Berner, tok i 1883 initiativet til eit landslag for målsaka, men dei dominerande kreftene i målmiljøet i hovudstaden valde heller å satsa på Samlaget og på arbeid innafor partiet Venstre, som historikaren Leif Mjeldheim har karakterisert som den politiske skytsengelen til målrørsla. Diskusjonen om eit landslag vart reist med ny kraft i samband med organiseringa av fylkesmållaga 1899–1901, og krava kom no i aukande grad frå det lokale og regionale tillitsmannsapparatet. Der vart det argumentert med at det trongst eit landslag for å yta hjelp til lokale mållag i det arbeidet ein no stod framfor med å føra inn nynorsk i lokalsamfunna. Men målmiljøet i hovudstaden, og særleg redaktør Rasmus Steinsvik, var kraftig imot ideen om eit landslag og argumenterte med at grunnorganisasjonen framleis ikkje var sterk nok til å bera og finansiera eit landslag. Steinsvik la til ein viss grad òg lok på debatten om spørsmålet.
Då målmiljøet i hovudstaden (Samlaget, Maalkassa, Den 17de Mai og Noregs Ungdomslag) tok initiativet til målstemnet i februar 1906, stod skipinga av eit landslag såleis heller ikkje på saklista. Føremålet var å forma ut eit samla krav frå målrørsla til partia framfor stortingsvalet hausten 1906 — difor vart òg målstemnet i Oslo halde dagen før Venstre skulle ha landsmøte same stad. Initiativet til eit landslag kom på slutten av møtet som eit benkeframlegg frå Johannes Lavik, bladstyrar i Gula Tidend og leiar for målfolket vestafjells. Både framlegget om å skipa eit landslag og førebelslovene for ’Norigs maallag’ gjekk då samrøystes gjennom mellom 1 og 2 natt til 5. februar.
[endre] Tida fram til andre verdskrigen
Frå førstninga arbeidde mållaget politisk. Det hadde landsmøte kvart tredje år, i samband med stortingsvala. Frå 1910-åra tok mållaget under Edvard Os til med å byggja opp både hovudorganisasjonen og lokallag, som det etter kvart blei fleire av.
Medan laget først hadde hatt som mål å styrka landsmålet og målrørsla, la det seg etter kvart på ei sterkare line. I arbeidsprogrammet frå 1921 blei det slått fast at «Det norske målet skal verta atterreist til einaste riksmål i landet.»
[endre] Målsak under andre verdskrigen
Mållaget blei oppløyst av varaformann Gustav Indrebø (formannen Knut Markhus var fengsla) i mars 1942, då nazistane ville ha makta der. Fleire lokallag blei lagde ned under krigen, og medlemstalet sokk.
[endre] Noregs Mållag i etterkrigstida
Etterkrigstida var prega av tilbakeslag for den tidlegare så framgangsrike nynorsken. Frå 1944 var det negang i talet på skulekrinsar som hadde nynorsk som hovudmål. Samstundes var mållaget plaga av indre strid, der ulike retningar ønska å halda på tradisjonelle former eller la skriftspråket nærma seg bokmål. Striden førte til av Vestmannalaget melde seg ut av Noregs Mållag i 1962, medan Vestlandske Mållag braut ut under landsmøtet i 1970.
Mållaget tona ned tanken om at nynorsk skulle vera einaste skriftspråket i landet, og markerte seg i kampen for dialektbruk. I det nye prinsipprogrammet frå 1976 heitte det at «Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunna nytta dialekten sin, og for at folket etter kvart samlar seg om og tek i bruk det nynorske skriftmålet». Frå denne tida kom òg slagordet «Snakk dialekt, skriv nynorsk».
I dei seinare åra har Noregs Mållag lagt vekt på å sjå nynorsken som del av det språklege mangfaldet i landet. Det kjem til uttrykk bl.a. i det internasjonale programmet frå 2005, likeins i slagordet for jubileumsfeiringa i 2006: "Mange røyster – felles mål".
[endre] Organisasjonen
[endre] Fylkeslag
- Aust-Agder Mållag
- Austmannalaget (Hedmark og Oppland utanom Valdres)
- Buskerud Mållag
- Fylkesmållaget Vikværingen (Oslo, Akershus og Vestfold)
- Hordaland Mållag
- Karmsund Mållag (delar av Rogaland og Hordaland)
- Naumdøla Mållag
- Nordland Mållag
- Nordmøre Mållag
- Rogaland Mållag
- Romsdal Mållag
- Sogn og Fjordane Mållag
- Sunnmøre Mållag
- Telemark Mållag
- Troms og Finnmark Mållag
- Trønderlaget (Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, utanom Namdalen)
- Valdres Mållag
- Vest-Agder Mållag
- Yrkesmållaga
- Østfold Mållag
- Direkte innmelde lag
Norsk Målungdom har rettar som eit fylkeslag.
[endre] Leiarar i Noregs Mållag
- Marius Hægstad 1906–1909
- Jørgen Løvland 1909–1912
- Nikolaus Gjelsvik 1912–1915
- Fredrik Voss 1915–1917
- Olaus Islandsmoen 1917–1921
- Halvdan Koht 1921–1925
- Knut Liestøl 1925–1926
- Torleiv Hannaas 1926–1929
- Gustav Indrebø 1930–1932
- Anders Todal 1932–1936
- Knut Markhus 1936–1942
(verksemda var nedlagd i tida 1942–1945) - Hans Eidnes 1946–1949
- Asbjørn Øverås 1949–1952
- Knut Robberstad 1952–1957
- Hartvig Kiran 1957–1958
- Magne Skodvin 1958–1960
- Ivar Eskeland 1960–1963
- Trygve Bjørgo 1963–1965
- Hans Olav Tungesvik 1965–1970
- Bjarne Slapgard 1970–1971
- Steinar Lægreid 1971–1973
- Johan Krogsæter 1973–1975
- Ola Breivega 1975–1977
- Kjell Snerte 1977–1979
- Dagfinn Hjellbrekke 1979–1980
- Maria Høgetveit Berg 1981–1984
- Ola E. Bø 1984–1987
- Jon Låte 1987–1989
- Marta Østerås Falch 1989–1991
- Kristian Ihle Hanto 1991–1993
- Jan Olav Fretland 1993–1994
- Olav Randen 1994–1997
- Liv Ingebrigtsen 1997–1999
- Oddmund Løkensgard Hoel 1999–2002
- Vidar Lund 2002–2002
- Håvard Teigen 2002–2003
- Endre Brunstad 2003–2005
- Steinulf Tungesvik 2005–2005
- Nils Ulvund 2005–2006
- Hege Myklebust 2006–
[endre] Skrivarar og daglege leiarar
Tittelen vart endra frå skrivar til dagleg leiar i 1987. Ikkje alle vikarar er med.
Saman med Noregs Ungdomslag
- 1913–1926 Edvard Os
- 1927–1935 Aslak Torjusson
- 1936–1947 Kristoffer Sælid (verksemda nedlagt 1942-1945)
- 1947–1948 Reidar Hernes (vikar)
- 1945–1955 Knut Fortun
Eiga skrivarstove for Noregs Mållag frå 1. januar 1956
- 1956–1957 Ivar Eskeland
- 1957–1958 Olav Færøyvik
- 1958–1959 Hogne Skeidsvoll
- 1959–1963 Olav Engan
- 1963–1964 Ola Breivega
- 1964–1969 Helge Eide
- 1969–1971 Kjell Hellesnes
- 1971–1973 Jahn-Arill Skogholt
- 1973–1976 Jarle Varpe
- 1976–1986 Olaf Almenningen
- 1980 Bodil Røyset (vikar)
- 1982 Oddrun Molvik (vikar)
- 1984 Kristian Ihle Hanto (vikar)
- 1987 Margunn Drivenes (vikar)
- 1987–1991 Roger Lockertsen
- 1991 Lars Svarstad
- 1992 Aagot Jordstøyl (vikar)
- 1992–1998 Atle Faye
- 1998 Ottar Grepstad (vikar)
- 1998–2000 Grete Riise
- 2001 Hege Myklebust (vikar)
- 2001–– Gro Morken Endresen
[endre] Landsmøte
Mållaget har lagt vekt på å halda landsmøte på ulike stader i Noreg.
- 4.-5. februar 1906, Oslo
- 29. juni 1908, Voss
- 24. januar 1909, Oslo
- 27. januar 1912, Oslo
- 4. juli 1914, Oslo
- 27. februar 1915, Oslo
- 5. juli 1915, Steinkjer
- 9. april 1917, Voss
- 5. januar 1918, Eidsvoll
- 3. januar 1919, Hamar
- 3. januar 1920, Trondheim
- 8. januar 1921, Oslo
- 15. april 1922, Stavanger
- 31. mars 1923, Ålesund
- 4. januar 1924, Ål
- 3. januar 1925, Arendal
- 3. april 1926, Bergen
- 4. januar 1927, Sandefjord
- 7. april 1928, Kristiansund N
- 30. mars 1929, Kristiansand S
- 2. april 1930, Oppdal
- 4. april 1931, Oslo
- 15. mai 1932, Geilo
- 7. januar 1933, Hamar
- 19. mai 1934, Steinkjer
- 3. januar 1936, Oslo
- 20. mai 1937, Gol
- 13. februar 1938, Oslo
- 10. januar 1939, Oslo
- 4.-5. januar 1940, Oslo
- 7.-8. januar 1946, Bergen
- 1.-2. november 1947, Kristiansand S
- 6.-7. januar 1949, Trondheim
- 7.-8. juli 1950, Ålesund
- 10.-11. august 1951, Bryne
- 4.-5. juli 1952, Elverum
- 14.-15. august 1953, Voss
- 13.-14. august 1954, Eidanger
- 12.-13. august 1955, Oslo
- 10.-11. august 1956, Haugesund
- 9.-10. august 1957, Førde
- 8.-9. august 1958, Trondheim
- 7.-8. august 1959, Kristiansand S
- 12.-13. august 1960, Ørsta
- 4.-5. august 1961, Vinstra
- 3.-4. august 1962, Fana
- 2.-3. august 1963, Oslo
- 24.-25. juli 1964, Steinkjer
- 6.-7. juli 1965, Ål
- 5.-6. august 1966, Årdal
- 4.-5. august 1967, Målselv
- 9.-10. august 1968, Bø i Telemark
- 8.-9. august 1969, Øystese
- 31. juli – 1. august 1970, Ålesund
- 6.-7. august 1971, Otta
- 4.-5. august 1972, Levanger
- 3.-4. august 1973, Voss
- 2.-3. august 1974, Evje
- 1.-2. august 1975, Mosjøen
- 5.-7. august 1976, Rauland
- 4.-6. august 1977, Tingvoll
- 20.-22. juli 1978, Klepp
- 26.-28. juli 1979, Fagernes
- 24.-26. juli 1980, Orkdal
- 30. juli – 1. august 1981, Førde
- 29.-31. juli 1982, Mandal
- 28.-30. juli 1983, Gol
- 26.-29. juli 1984, Tromsø
- 25. juli-27. juli 1985, Ørsta
- 24. juli-26. juli 1986, Elverum
- 30. juli - 1. august 1987, Odda
- 28. juli-30. juli 1988, Steinkjer
- 27. juli-29. juli 1989, Skien
- 26. juli-28. juli 1990, Sola
- 25. juli-27. juli 1991, Oslo
- 23. juli-25. juli 1992, Kristiansund N
- 29. juli-31. juli 1993, Ulvik
- 28. juli-30. juli 1994, Vinstra
- 27. juli-29. juli 1995, Kristiansand S
- 25. juli-27. juli 1996, Haugesund
- 24. juli-26. juli 1997, Trondheim
- 23. juli-25. juli 1998, Fredrikstad
- 29. juli-31. juli 1999, Florø
- 28. juli-30. juli 2000, Bergen
- 27. juli-29. juli 2001, Bryne
- 26. april-28. april 2002, Oslo
- 4. april-6. april 2003, Grimstad
- 23. april-25. april 2004, Ålesund
- 15. april-17. april 2005, Tromsø
- 28. april-30. april 2006, Oslo
- 27. april-29. april 2007, Stjørdal
[endre] Heidersmedlemer
Desse er heidersmedlemer i Noregs Mållag. Utnemningsåret i parantes.
- Berge Furre (2006)
- Audun Heskestad (2006)
- Marie Lovise Widnes (2006)
- Bjørnar Østgård (2005)
- Torolv Hesthamar (2000)
- Olga Meyer (2000)
- Magne Rommetveit (1998)
- Einfrid Perstølen (1992)
[endre] Bakgrunnsstoff
- Noregs Mållag sin nettstad
- Almenningen, Olaf (m. fl.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906-1981, Oslo 1981.
- Eskeland, Ivar: I strid for norsk mål. Noregs Mållag 1906-1956, Oslo 1956.
- Venås, Kjell: Mål og med. Noregs Mållag i 1990-åra, Oslo 1991.
[endre] Kjelder
Noregs Mållag i 100 år av Kjell Venås