Magnhild Bruheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnhild Bruheim (f. 17. september 1951) er ein norsk forfattar og frilansjournalist frå Skjåk. Ho arbeidde ei tid som radio- og fjernsynsjournalist i NRK-Oppland. Bruheim debuterte som forfattar i 1997.
Bruheim sine krimromanar går for det meste føre seg i bygdemiljø. Saman med Kolbjørn Hauge vert ho rekna som leiande innan «bygdekrim».
Bruheim skriv for det meste på nynorsk. Ho var leiar i Norsk Målungdom året 1978–1979.
[endre] Bibliografi
- Varselet – Kriminalroman (1997)
- Maskerade – Kriminalroman (1999)
- Utan englevakt – Kriminalroman (2000)
- Lykkeland: Minne frå slagerbøkene – Dokumentar (2000) (Saman med Sissel Bjørgan)
- Svart arv – Kriminalroman (2001)
- Dragsug – Kriminalroman (2002)
- Ny melding – Kriminalroman (2003)
- Matminne frå Gudbrandsdalen – Dokumentar (2004) (Saman med Hilde Grytting og Aasmund Hanslien)