Krisjna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinduismen |
Gudar |
Trimurtien: Brahma | Visjnu | Sjiva |
Krisjna, også stava Krishna, er ein munter og folkekjær gud innan hinduismen, som regel rekna som ein avatar av hovudguden Visjnu. Han blir gjerne framstilt med svart eller blå hud, og sanskritnamnet Krisjna tyder då også 'mørk'. Andre velbrukte namn er Govinda (kuvernar), Hari (gylden), Djagannatha (verdsherskar), og tamilnamnet Kannan (kjæraste).
Framstillingar av Krisjna viser han gjerne spelande på ei fløyte. Han blir ofte vist saman med broren Balarama og søstera Subhadra, eller med kjærasten Radha.
Oppveksten og livet til Krisjna er skildra i talrike legender, særleg i verket Mahabharata, men meir utførleg i dei to puranaene Bhagavatam og Visjnupurana.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
Etter kvart som fleire av dei vonde asuraene blei fødde inn i kongehus, tok dei til å undertrykka alle vesen på jorda, og devaene ba Visjnu om å ta menneskeform for å nedkjempa dei.
[endre] Barndom
Visjnu blei fødd i Mathura som Krisjna, sonen til prinsesse Devaki og ektemannen Vasudeva. Broren til prinsessa, Kamsa, var ein vond tronrøvar, og det var spådd at han skulle drepast av ein av sonene hennar. Kamsa kasta henne derfor i fengsel og drap kvar unge ho fødde. Men Krisjna og to søsken, Balarama og Subhadra, blei redda og oppfostra i løyndom av kueigaren Nanda og kona Jasjoda.
Krisjna vaks derfor opp blant gjetarar og kyr i skogen Vrindavana. Han var eit lukkeleg og uskikkeleg barn, svært glad i å stela smør og seinare i å erta og kurtisera ungjenter — gopiar. Ei av desse var Radha, som seinare har fått ein viktig plass i forteljingane om Krisjna. Då onkelen fekk greie på at nevøane hans heldt til i skogen, sende han fleire demonar for å gjera ende på dei, men Krisjna drap kvar og ein.
[endre] Vakse liv
Som ung mann drog så Krisjna tilbake til Mathura der han oppfylde spådommen og nedkjempa Kamsa. Han befridde og gjeninsette den rette kongen, morfaren sin Ugrasena, og levde sjølv som prins ved hoffet. Her blei han kjend med dei fem pandavaene, fetrar frå kongeriket Kuru. Han tok fleire koner, med Rukmini og Satyabhama som dei viktigaste. Hoffet flytta etter kvart til Dwaraka, i noverande Gujarat.
Den langvarige usemja mellom pandavaene og kauravaene førte etter kvart til krig, og Krisjna, som var fetter til begge brødreflokkane, ba dei velja å få med seg hæren hans eller han sjølv på si side. Kauravaene tok hæren, medan Krisjna blei stridsvognførar og rådgjevar for pandavaen Ardjona. Det kjende hinduistiske verket Bhagavadgita er råda han gav Ardjona før slaget tok til.
[endre] Død
Etter krigen heldt Krisjna til i Dwaraka i trettiseks år. På ein fest braut det ut strid blant slekta hans, og dei fleste drap kvarandre. Medan broren Balarama gav opp anden gjennom yoga, trekte Krisjna seg tilbake til skogen for å meditera. Her blei han skoten av ein jegar, som trudde foten hans var eit dådyr, og døydde, etter å ha tilgjeve jegaren.
[endre] Tilbeding
Krisjna er sentral i bhaktirørsla, den delen av hinduismen som legg stor vekt på inderleg tru og ekstase. Mot slutten av 1000-talet spreidde denne rørsla seg særleg i Sør-India, og dei tolv alvardiktarane, med Andal som den viktigaste, skapte fleire dikt tileigna hans. I songsamlinga Tiruppavai er Andal den første kjende diktaren som framstiller seg sjølv som ein gopi som elsker Krisjna.
Rørsla spreidde seg til resten av India, og på 1100-talet dikta Djayadeva frå Orissa Gita govinda, 'songen om gjetaren', eit svært viktig verk i bhakti-litteraturen. Medan dette verket er skrive på sanskrit laga andre diktarar som Mirabai og Surdas songar til Krisjna på folkespråket.
Krisjna fortsette å dyrkast, og på 1900-talet blei kulten hans spreidd utanfor det indiske subkontinentet. Dette har skjedd først og fremst gjennom Hare Krishna-rørsla, som blei grunnlagd i 1966.