Visjnu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinduismen |
Gudar |
Trimurtien: Brahma | Visjnu | Sjiva |
Visjnu, òg stava Vishnu (devanagari विष्णु, Viṣṇu) er ein av dei viktigaste gudane i hinduismen. Konene hans er Laksjmi og Bhumidevi. Han vert sett på som oppretthaldaren av ordenen i verda, som i hinduismen vert kalla for dharma. Det vil seie at han held på balansen mellom godt og ondt. Dersom det onde skulle kome til å ta overhand, kjem Visjnu ned i form som ein av hans ti avatarar. Dei to viktigaste avatarane til Visjnu er Rama og Krishna. Han rir på den store ørna Garuda, eller på den enorme slangen Sjesja saman kona si. Visjnu vert framstilt med fire armar og som ein Gud fylt av kjæreik og medkjensle. Dei som tilber Visjnu vert kalla visjnuittar og utgjer om lag 70 % av alle hinduane.
Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over religionsspirer. |