Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Blå - Wikipedia

Blå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein blå søledam, foto: Jerry Segraves
Forstørr
Ein blå søledam, foto: Jerry Segraves
Den blå planeten, fotografert frå ferda Apollo 17 gjorde til månen i 1973
Forstørr
Den blå planeten, fotografert frå ferda Apollo 17 gjorde til månen i 1973

Blå er fargen på himmelen på ein skyfri dag. Det er altså ein farge og soleis ein del av fargespektret. Blått spenner over bølgjelengder frå om lag 440 til 490 nanometer. Blå er ein av fargane som dannar fargepunkta i TV-skjermane. I estetikken reknar ein blått til dei kalde fargane.

Blå er ein heller sjeldan farge i levande organismar, og få matvarer har blå farge. Derimot er dagshimmelen og mange former for vatn blå. Lyshuda menneske kan òg få litt blåfarge, til dømes om dei slår seg eller blir svært kalde. Blåfargen kjem fordi blodet under huda får mindre oksygen. Blåmerke blir til ved at blodkar blir sprengde og sig ut i vevet, der det ikkje får tilført hemoglobin. Når ein blir blåfrosen, er det blodårene som trekkjer seg saman og dermed hindrar tilføring av hemoglobin. På grunn av samband mellom fargen og blåmerke har nokre lingvistar foreslått at det urgermanske opphavsordet hans, blǣwo, hadde noko slekt med ordet bliuwan, "å slå", men dei fleste aksepterer ikkje denne teorien.

Mange indoeuropeiske språk, mellom anna norrønt, brukte namnet på fargen om alle mørke fargar, og skilde såleis ikkje mellom blått og svart. Det er på grunn av dette at visse hindugudar, som Krisjna, ofte blir framstilde som blå — dei skal nemleg ha vore særs mørke i huda.

Somme språk, mellom anna russisk, har ikkje noko felles ord for alle blåfargar, men ser på himmelblått (голубой) og havblått (синий) som to «grunnleggjande» og ulike fargar. (Eit slikt skilje kan stundom bli bruka på norsk òg, i regnbogefargane, men der kallar vi den eine for blått og den andre for indigo.)

Innhaldsliste

[endre] Symbolikk

[endre] Politisk

I politikken er blått oftast fargen til den politiske høgresida, men i USA symboliserer denne fargen den politiske venstresida.

[endre] Religiøst

Blått har sidan gammaltestamentleg tid representert dei religiøse boda i jødedommen, og jødar er etter Toráen pålagde å ha ein tråd farga med blåfargen tekhélet i sisijótane (hjørnefrynsene) av sine talletót (bønesjal). Kunnskapen om korleis ein utvann dette fargestoffet gjekk tapt i uroa kring Israel/Palestina kring 800-talet, og dei fleste sisijót har i dag berre kvite frynser. Blåfargen som generelt religiøst symbol har likevel halde seg, og mange talletót er kvite med blå striper. Denne symbolikken er bakgrunnen for fargane i det israelske flagget.

[endre] Nasjonalt og organisatorisk

[endre] Blått og kvitt

Blått i kombinasjon med kvitt er brukt i nasjonalflagga åt Finland, Hellas, Honduras, Israel, Mikronesiaføderasjonen, Skottland og Somalia. Internasjonale organisasjons- eller unionsflagg i blått og kvitt inkluderer Antarktis, NATO, Nordisk råd, OPEC og SN (Dei sameinte nasjonane).

[endre] Blått og gult

Blått i kombinasjon med gult er brukt i nasjonalflagga åt Kazakhstan, Palau, Sverige og Ukraina. Internasjonale organisasjons- eller unionsflagg i blått og kvitt inkluderer EU.

[endre] Anna

Blått har gjeve namn til:

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com