Kalkstein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalkstein er ein sedimentær bergart danna av restar av snegleskal, skjel og andre organismar som skil ut kalsiumkarbonat (CaCO3) for å danne skal. Når organismene døyr, vert skala liggande, og når restane vert begravd, vil dei pressast og sementerast saman. Landheving og erosjon kan så lyfte sandsteinsavsetningar opp i dagen. I den geologiske lagfølgja er kalkstein eit teikn på at området der steinen er danna, har låge under eit grunt hav.
Om kalkstein vert utsett for høgt trykk og varme over lang tid, vil han metamorfere til marmor.