Kaliningrad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaliningrad (russisk: Калиниград) er ein by i Kaliningrad oblast heilt vest i Russland. I 1946 vart namnet på byen endra frå Königsberg, og oppkalla etter sovjetfunksjonæren Mikhail Kalinin. Königsberg låg i den gamle tyske provinsen Austpreussen ved Austersjøen, som ved slutten av andre verdskrig vart okkupert av Sovjetunionen. Kaliningrad oblast er ein russisk enklave mellom Polen og Litauen, og er til lands fullstendig omringa av den europeiske unionen.
Det gamle Königsberg har ei lang historie frå grunnlegginga i 1255. Det sovjetiske Kaliningrad vart først og fremst nytta som flåtebase under den kalde krigen, og er eit av dei fattigaste og mest nedslitne områda i Russland.
Mange innbyggjarar i Kaliningrad ynskjer at byen skal få sitt gamle namn attende, slik St. Petersburg gjorde i 1991. Det er starta ei kampanje for å gjennom dette.
[endre] Kjende personar frå Kaliningrad
- Viktor Patsajev, kosmonaut
- Aleksej Leonov, kosmonaut
- Ljudmila Putina, president Vladimir Putin si kone