Königsberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Königsberg var før 1946 namnet på byen Kaliningrad , ein hamneby ved Austersjøen. Byen var hovudstad i provinsen Austpreussen i Tyskland, og i det tidlegare hertugdømet Preussen. Byen var ein gamal tysk hansaby. Ved slutten av andre verdskrig vart byen okkupert av Sovjetunionen. Byen vart i 1946 omdøypt til Kaliningrad etter sovjetleiaren Mikhail Kalinin. I dag er Kaliningrad oblast ein russisk enklave mellom Polen og Litauen. I byen krona Fredrik I seg sjølv til den fyrste kongen av Prøysen, og kong Vilhelm I av Prøysen vart òg krona der.
Königsberg vart grunnlagd i 1255 av den tyske riddarorden, då dei hærtok Preussen.
[endre] Kjende personar frå Königsberg
- Immanuel Kant, filosof
- Erich von Drygalski, oppdagar
- Christian Goldbach, matematikar
- Christoph Hartknoch, historikar
- Johann Georg Hamann, filosof
- Gotthilf Heinrich Ludwig Hagen, fysikar
- David Hilbert, matematikar
- Ernst Theodor Amadeus Hoffmann, forfattar
- Gustav Robert Kirchhoff, fysikar
- Agnes Miegel
- Karl Rudolf König, fysikar
- Otto Wallach, kjemikar
- Benjamin Wegner, norsk industriherre
- Käthe Kollwitz, kunstnar
[endre] Lenkjer ut
- J. Lemmen sine fotografi av Austpreussen og Königsberg
- Illustrasjon av Königsberg i 1679
- Landsmannschaft Ostpreußen - Informasjon om Austpreussen
- Borgarinitiativ i Kaliningrad for å gje byen sitt gamle namn attende (russisk)
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |