Henrik Wergeland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Arnold Wergeland (17. juni 1808–12. juli 1845) var ein norsk diktar. Wergeland bidrog til å utvikla mykje av den norske nasjonalkjensla, og blir gjerne òg rekna som ein av dei største norske lyrikarane gjennom tidene. Han er først og fremst kjend som ein romantisk diktar.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
[endre] Barndom
Wergeland var son av politikaren og teologen Nicolai Wergeland og kona Alethe Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Namnet Henrik fekk han etter morfaren Henrik Arnold Thaulow som var byskrivar i Kristiansand. Forfattarinna Camilla Collett, fødd Wergeland, var syster til Henrik Wergeland. Elles hadde Henrik to søsken til, Augusta og Oscar. Faren fylgde den franske tenkjaren Jean Jacques Rousseau sine prinsipp om barneoppseding.
Familien flytta frå Kristiansand til Eidsvoll då Henrik var 9 år. Då han kom i framslengsåra vart han send til Katedralskolen i Christiania, og samstundes tok han til å skrive dikt og små skodespel. Dei første vart prenta i 1826. Det første han hadde fått trykt, vart skrive medan han var tretten år gamal, ei stutt tekst han kalla Blodstenen. Medan han framleis var gut, tok han og søstera Camilla initiativet til det første barnetoget i Noreg, på Eidsvoll kring 1820.
[endre] Stormande ungdomsår
Medan Wergeland framleis gjekk på skolen, vart han stormforelska fleire gonger. To av dei jentene han kjende mest for, var Elise Wolff og Hulda Malthe. Særskild Hulda skulle få mykje å seie. Det var henne Wergeland kom til å gjere om til den ideelle kvinneskapnaden Stella. Men Stella er òg prega av Elise Wolff og dei andre. Stella var ein himmelånd, og vart inspirasjonen for den første diktsamlinga Digte, første Ring. Mange av dikta her er skrivne til Stella, men namnet Hulda er òg til stades, særleg synleg når han skriv om "Huldblomstens sjel".
På bakgrunn av desse sterke kjenslene, var det at Wergeland tok til å bygge opp kosmologien sin, og skapte tanken om eit heilskapsdikt, Skabelsen, Mennesket og Messias.
[endre] Vaksen alder
Etter Katedralskolen tok Wergeland til med eit teologisk embedsstudium ved universitetet. Samstundes heldt han fram med diktinga si. Det første store verket, Skabelsen, Mennesket og Messias vart utgjeve i 1829. Det var eit storslege verdsdikt, som tek for seg soga frå verda vart skapt og så vidare frametter. Verket var religiøst prega, og knytt til høgromantikken og tankegods frå den franske revolusjonen. Han var òg blanda opp i det kjende Torvslaget 17. mai 1829, der han slapp frå det med eit sabelslag over ryggen. Då han seinare vart teken inn til avhøyr tedde han seg slik at han vart ein folkehelt, og for mange eit symbol på feiringa av 17. mai. Fire år seinare vart han den første som heldt tale i høve dagen.
I 1830 skreiv Wergeland til selskabet for Norges Vel og ba dei hjelpe han med å få sendt ut opplysingsskrifter til allmugen. Han var oppteken av vanlege folk, og stødde dei ofte når dei hadde det ugreitt med embedsstanden. Somme tider førte han sak for dei, og kom ofte ut i trette med prokuratorar og andre høgtståande menn. Men han vart svært elska av vanlege folk, og det gjekk gjetord og segner om han på romeriksbygdene mange år etter at han var borte.
Wergeland var ein vilter kar som lett eggja på seg motstandarar. Den verste av dei var nok Johan Sebastian Welhaven, som ergra seg over at Wergeland var så ugrei i forma. Stilidealet til Welhaven var klassisistisk, og Wergeland skreiv i fri stil. Di meir var Wergeland snøggare enn Welhaven, og Welhaven tolde ikkje lynnet hans. Dei råka òg uklåre i synet på Danmark, av di Wergeland meinte Noreg laut finne seg sjølv og bryte med den dansk-norske einingskulturen i skrift og dikting, medan Welhaven var konservativ og heldt på det danske. Wergeland vart leiar for dei radikale "patriotane", medan Welhaven førte "troppen" eller "danomanene". Desse gruppene tretta i avisene fleire gonger i åra som fulgde. Welhaven gjekk til skriftleg åtak, og Wergeland svara med eit satirisk skodespel. Tretta toppa seg i Campbellerslaget i 1838.
Trass i Campbellerslaget vart stykket vel motteke, og Wergeland skaffa seg ei hytte i Grønlia under Ekebergåsen. For å kome dit laut han ro over fjorden, og fekk båtplass hjå fraktemannen Bekkevold i Skippergata. Slik var det han møtte den nitten år gamle dottera, Amalie Sophie Bekkevold, som han vart forelska i, og som han gifte seg med etter eit år. Denne nye kjærleiken førte òg til at han tok til å skrive nye kjærleiksdikt, samlinga poesier frå 1839. Denne samlinga inneheld somme av dei vakraste dikta Wergeland skreiv. Amalie levde i tretti år etter Wergeland, og då ho døydde, byrja nekrologen slik: "Henrik Wergelands enke er nu gått bort, og ingen er som henne besunget i norsk litteratur".
I 1841 vart Wergeland tilsett som den første riksarkivaren i Noreg. Han sat med stillinga til han vart sjuk. Han fekk då fast inntekt og var tilsett på kongeleg bod. Mange av dei tidlegare radikale venene hans meinte dette var eit svik mot den gamle republikanske saka, og Wergeland kjende seg einsam. Men han heldt seg på føtene, og heldt fram med å skrive.
I slutten av april 1844 fekk Wergeland lungebetennelse. Han vart sengeliggande i eit par veker, men meinte han hadde plikt til å vere ute og til stades på nasjonaldagen same år. Camilla søstera hans møtte han på veg til feiringa, "mager og bleeg som døden, men med søttendemajsblikke". Etter dette tok sjukdomen seg opp att, og no var det ikkje råd å kome seg att. Wergeland sleit med sjukdommen i fleire månader, og døydde i juli 1845, trettisju år gammal. Det er vanleg å seia at han døydde av tuberkulose og lungebetennelse, men sjukdommen kan òg ha vore cystisk fibrose eller lungekreft.
Medan han låg sjuk, heldt han fram med å skrive dikt, artiklar og skodespel. Det siste han skreiv er datert 11.juli 1845. Han døydde same natt. Wergeland vart gravlagd på Vår Frelsers Gravlund, og Eilert Sundt heldt gravtala på vegne av Det Norske Studentersamfund. Sundt, og seinare Bjørnson, såg virket sitt som eit framhald av arbeidet til Wergeland.
[endre] Virke
Av utdanning var Wergeland cand.theol. Av yrke var han redaktør, amanuensis på Universitetsbiblioteket og byråsjef i Riksarkivet.
Han var ein ildsjel som arbeidde for å oppheva grunnlovsforbudet mot jødane si tilgjenge til Noreg. Han stifta folkebibliotek, sokneselskap og ungdomslag. Han kjempa for språkleg og kulturell lausriving frå Danmark og for feiring av den norske nasjonaldagen 17. mai. Wegeland påverka generasjonar av seinare diktarar, frå Bjørnstjerne Bjørnson til Nordahl Grieg.
«Taknemmelige jøder udenfor Norriges grændser reiste ham dette minde», står det på monumentet som svenske og danske jødar fekk reist på Wergeland sin gravstad på Vår Frelsers gravlund i Christiania (Oslo) i 1849.
[endre] Utgjevingar
[endre] Bøker
- 1829 - Digte, første Ring
- 1830 - Skabelsen, Mennesket og Messias
- 1833 - Spaniolen
- 1833 - Digte, anden Ring
- 1835 - Barnemodersken; Skuespil
- 1838 - Campbellerne
- 1838 - Poesier
- 1840 - Jan van Huysums Blomsterstykke
- 1841 - Svalen
- 1841–43 - Norges Constitutions Historie
- 1842 - Jødesagen i det norske Storthing
- 1842 - Jøden
- 1844 - Den engelske Lods
- 1844 - Jødinden
- 1845 - Mennesket. Episk dikt
- 1845 - Hasselnødder
[endre] Tidsskrift
[endre] Som forfattar
«I folkeopplysningens tjeneste» gav Wergeland frå 1839 til 1845 ut tidsskrifta:
- For Almuen
- For Menigmand
- For Arbeidsklassen
[endre] Som redaktør
- Folkebladet
- Statsborgeren