Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Vår Frelsers gravlund - Wikipedia

Vår Frelsers gravlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frå den sørlege seksjonen av gravlunden
Forstørr
Frå den sørlege seksjonen av gravlunden

Vår Frelsers gravlund er ein gravlund på Hammersborg i Oslo sentrum. Mange kjende nordmenn er gravlagde der, dels i ein egen æreslund og dels i andre seksjonar.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Det gamle kapellet, no Vår Frelsers ortodokse kirke
Forstørr
Det gamle kapellet, no Vår Frelsers ortodokse kirke

Gravlunden vart teken i bruk sommaren 1808. Den fyrste som vart gravlagd der var Anna Lange Thulesius, enke etter ein prest i Den norske kyrkja. I 1864 kom kapellet på plass. Det har vorte forandra ei rekkje gonger. Ettersom det er svært få nye gravferder på gravlunden har det vorte overdregen til den ortodokse kyrkjelyden heilage Olga, som har konsekrert den som Vår Frelsers ortodokse kirke.

I 1903 vart gravlunden teken i bruk som æresgravlund. Den fyrste som vart lagt der var målaren Hans Gude. Nokre få år etter, i 1911 var gravlunden full, og det vart berre oppretta nye gravstader der festet hadde gått ut. I 1952 slutta ein heilt å opprette nye graver, men det var framleis mogleg å bruke familiegraver der det var plass. I seinare år har ein slutta å ta imot kistegravfreder på grunn av at leirgrunnen er lite eigna for slike, og det er dermed berre mogleg med urnenedsetjingar. Frå og med 2006 var det moleg å få oppretta nye gravstader for urner. Den siste grava som vart oppretta i æresgravlunden er Borghild Hammerich si frå 1981, og planen er at det ikkje skal kome til nye, men at den skal takast vare på som eit kulturhistorisk minne.

Ein del av gravene vart endra på 1950-talet ved at ein fjerna steinråmer for å gjere vedlikehaldet enklare. Ein finn likevel ein rekkje monumentale gravminne der, mange av dei familiegraver som har vore brukt i fleire generasjonar. Over 4500 av gravminna er verdige til å verte tekne vare på, og vert difor ikkje fjerna sjølv om festetida går ut. Det er ikkje tillate å erstatte nokre av gravminna, inkludert dei som i seg sjølv ikkje er verdige til å takast vare på, med moderne monument, ettersom ein ynskjer å ta vare på særpreget for heile gravlunden.

Den katolske kyrkja har hatt ei nær tilknyting til gravlunden, ettersom den ligg rett ved sidan av det tidlegare katolske sjukehuset Vår Frues hospital og svært nær Oslo katolske bispedøme sine kontor, bustader og domkirke. Det er ein eigna gravstad for katolske prestar, og eit område for St. Josephssystrene. Ingen av desse har vore brukte etter at ein slutta å tillate kistegravferder.

På den austre delen av gravlunden står eit lite klokketårn. I motsetnad til det mange trur har dette aldri vorte brukt ved gravferder; det vart brukt til å ringe ved byrjinga og slutten av arbeidstida i den perioden då det var mange tilsette som stelte gravlunden.

[endre] Personar som kviler på Vår Frelsers gravlund

Lista nedanfor er eit utval kjende personar som er gravlagde på Vår Frelsers gravlund. Det er ikkje meint å vere ei uttømmande liste over dei mange tusen som er gravlagde der gjennom tidene.

[endre] I æreslunden

[endre] Den vestre delen

  • Ole Jacob Broch, politikar og vitskapsmann
  • Waldemar Christopher Brøgger, geolog
  • Carl Christian Henrik Bernhard Dunker, advokat
  • Olaf Wilhelm Erichsen, journalist og kriminalforfattar
  • Wilhelm Christian Keilhau Fabritius, boktrykkar
  • Henrik Groth, forleggar
  • Laura Sofie Coucheron Gundersen, skodespelar
  • Conrad Christian Parnemann Langaard, fabrikkeigar
  • Marius Sophus Lie, matematikar
  • Thorvald Meyer, forretningsmann
  • Agnes Mowinckel, skodespelar
  • Peter Møller, apotekar
  • Axel Otto Normann, teatersjef
  • Carl Abraham Pihl, jernbanedirektør
  • Ellef Ringnes, bryggerieigar
  • Johannes Vilhelm Christian Steen, politikar
  • Jan Peder Syse, politikar
  • Andreas Tofte, forretningsmann og ordførar
  • Oscar Fredrik Torp, politikar
  • Jacob Ulrich Holfeldt Tostrup, hoffjuveler
  • Johan Sebastian Cammermeyer Welhaven, diktar

[endre] Den sørlege delen

Gina Krog si grav
Forstørr
Gina Krog si grav
  • Christian Birch-Reichenwald, politikar
  • Henrik Anker Bjerregaard, høgsterettsdommar og forfattar
  • Elias Blix, salmediktar
  • Ragnvald Blix, karikaturteiknar
  • Matthias Numsen Blytt, botanikar
  • Jens Kristian Meinich Bratlie, offiser og politikar
  • Christopher Arnt Bruun, prest
  • Johan Collett, politikar
  • Johan Gottfried Conradi, komponist og dirigent
  • Christian Adolph Diriks, sorenskrivar
  • Fritz Heinrich Frølich, forretingsmann
  • Christian Henrik Grosch, arkitekt
  • Aasta Hansteen, forfattar og kvinnesakskvinne
  • Hans Abel Hielm, redaktør
  • Jonas Anton Hielm, politikar
  • Kristofer Marius Hægstad, språkprofessor
  • Gisle Christian Johnson, teolog
  • Jakob Rudolf Keyser, historikar
  • Halfdan Kjerulf, komponist
  • Gina Sverdrup Krog, redaktør og kvinnesakskvinne
  • Christian Krohg, politikar
  • Per Lasson Krohg, målar
  • Mads Ellef Langaard, bryggerieigar
  • Frederik Motzfeldt, høgesterettsdommar
  • Peter Motzfeldt, offiser
  • Andreas Munch, forfattar og professor
  • Ole Hartvig Nissen, skulestyrar
  • Christopher Frimann Omsen, høgsterettsdommar
  • Jens Rathke, zoolog
  • Marcus Gjøe Rosenkrantz, politikar
  • Johan Ernst Welhaven Sars, historikar
  • Georg Ossian Sars, zoolog
  • Michael Sars, zoolog
  • Amandus Theodor Schibsted, avisredaktør
  • Christian Schibsted, forleggar
  • Georg Sverdrup, språkprofessor
  • Mogens Thorsen og hustru Bertha, legatstiftarar
  • Anna Lange Thulesius, presteenke
  • Ivar Andreas Aasen, språkforskar

[endre] Den austre delen

Henrik Wergeland si grav
Forstørr
Henrik Wergeland si grav
  • Theodor Frederik Scheel Abildgaard, politikar
  • Peter Christen Asbjørnsen, eventyrsamlar og forfattar
  • Thomas Ball Barratt, predikant
  • Thomas Bennett, forretningsmann
  • Harald Berg, verkseigar
  • Vilhelm Frimann Koren Bjerknes, meteorolog
  • Otto Albert Blehr, politikar
  • Randi Marie Blehr, kvinnesakskvinne
  • Oskar Braaten, forfattar
  • Georg Andreas Bull, arkitekt
  • Henrik Bull, arkitekt
  • Jacobine Camilla Collett, forfattar
  • Jonas Collett, politikar
  • Birger Eriksen, offiser
  • Carl Gustav Fleischer, offiser
  • Christian Fredrik Gotfried Friele, redaktør og politikar
  • Knud Graah, fabrikkeigar
  • Agathe Ursula Backer Grøndahl, komponist
  • Thomas Johannessen Heftye, forretningsmann
  • Ludvig Peter Karsten, målar
  • Ludvig Mathias Lindeman, organist og komponist
  • Ole Olsen, komponist
  • Gunerius Pettersen, grosserar
  • Hjalmar Riiser-Larsen, flygar
  • Anton Martin Schweigaard, politikar
  • Christian Homann Schweigaard, politikar
  • Christian August Selmer, politikar
  • Johan Peter Selmer, komponist
  • Mathias Severin Berntsen Skeibrok, bilethoggar
  • Adolf Bredo Stabell, banksjef, redaktør og politikar
  • Hans Georg Jacob Stang, offiser
  • Peter Severin Steenstrup, fabrikkeigar
  • Rasmus Olai Steinsvik, redaktør
  • Ole Vig, folkeopplysingsmann
  • Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno, arkitekt
  • Henrik Wergeland, forfattar
  • Hans Jacob Aall, museumsdirektør

[endre] Den nordre delen

  • Harriet Backer, målar
  • Eivind Josef Berggrav, biskop og forfattar
  • Brynjulf Larsen Bergslien, bilethoggar
  • Knud Larsen Bergslien, målar
  • Michael Birkeland, riksarkivar og politikar
  • Alf Bjercke, fabrikkeigar
  • Peder Bjørnson, prest
  • Kristine Elisabeth Heuch Bonnevie, zoolog
  • Elseus Sophus Bugge, filolog
  • Francis Bull, litteraturhistorikar
  • Lorents Henrik Segelcke Dietrichson, kunsthistorikar og forfattar
  • Frederik Gottschalck Haxthausen Due, politikar
  • Henrik Adam Due, fiolinist
  • Mary Barratt Due, pianist
  • Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft, redaktør
  • Georg Ludvig Andreas Frølich, forretningsmann og oppfinnar
  • George Francis Hagerup, politikar
  • Karl Marius Anton Johan Hals, pianofabrikant
  • Henrik Anton Schjøtt Heltberg, skulestyrar
  • Kitty Lange Kielland, målar
  • Betzy Aleksandra Kjelsberg, fabrikkinspektør
  • Thomas Konow, offiser
  • Hans Hagerup Krag, vegdirektør
  • Magnus Brostrup Landstad, salmediktar og prest
  • Borghild Bryhn Brunelli Langaard, operasongar
  • Nicolay Nicolaysen, arkeolog
  • Ragna Vilhelmine Nielsen, pedagog og kvinnesakskvinne
  • Erika Røring Møinichen Nissen, pianist
  • Hans Arnt Hartvig Paulsen («Køla-Pålsen»), grosserar og byoriginal
  • Hieronymus Arnoldus Reimers, skodespelar
  • Johanne Regine Reimers, skodespelar
  • Petra Sophie Alette Christine Reimers, skodespelar
  • Amund Ringnes, bryggerieigar
  • Anna Georgine Rogstad, pedagog og politikar
  • Evald Rygh, forretningsmann og politikar
  • Christian Julius Schou, grosserar
  • Halvor Arntzen Schou, fabrikkeigar
  • Olaf Fredrik Schou, kunstnarmesen
  • Anna Cathrine Sethne, pedagog
  • Harald Oskar Sohlberg, målar
  • Eyolf Soot, målar
  • Emil Stang, politikar
  • Frederik Stang, politikar
  • Johan Cordt Harmens Storjohann, prest
  • Carl Struve, skodespeler
  • Johan Grundt Tanum, bokhandlar og forleggar
  • Sverre Udnæs, regissør
  • Ingvald Martin Undset, arkeolog
  • Elisabeth Welhaven, forfattar
  • Wilhelm Andreas Wexels, teolog

[endre] På verdsveven

Wikimedia Commons har ei samling filer som gjeld: Vår Frelsers gravlund
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com