Det norske Arbeidarpartiet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arbeidarpartiet | |
Partileiar: | Jens Stoltenberg |
Oppretta: | 1887 |
Ideologi: | Sosialdemokratisk |
Farge: | Raud |
Hovudkontor: | Youngstorget 2A, 5. etasje Postboks 8743 Youngstorget, 0028 Oslo |
Epost: | dna@dna.no |
Nettstad: | http://www.dna.no/ |
Ordførarar: | 170 |
Kommunestyrerepresentantar: | 3 238 |
Fylkestingsrepresentantar: | 208 |
Stortingsrepresentantar: | 61 |
Medlemstal: | ? |
Ungdomsorganisasjon: | Arbeidernes Ungdomsfylking |
Partiavis: | - |
Internasjonal tilknyting: | Den sosialistiske internasjonale |
Europeisk tilknyting: | Det europeiske sosialistpartiet |
Les òg: | Norsk politikk Norske parti Norske røystingar |
Det norske Arbeidarpartiet, ofte kalla berre Arbeidarpartiet og forkorta til DNA eller Ap, er det største sosialdemokratiske partiet i Noreg. Ved å ha regjeringsmakt gjennom store delar av etterkrigstida har partiet sine verdiar sett sterkt preg på landet.
Den noverande leiaren av partiet er Jens Stoltenberg, medan Hill-Martha Solberg er nestleiar og Martin Kolberg er partisekretær. Partiet hadde ei stund to partileiarar, men gjekk tilbake til ein på landsmøtet i 2002.
Ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet heiter Arbeidernes Ungdomsfylking, forkorta til AUF.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Frå starten til andre verdskrigen
Det norske Arbeidarparti (DNA) blei danna på eit møte i Arendal i 1887, etter mønster frå dansk og tysk sosialdemokrati. Dei mest framståande personane i partiet var Christian Holtermann Knudsen og Carl Jeppesen. Mellom programpostane var allmenn røysterett. I 1889 fekk partiet sitt program ei sosialistisk målsetjing. Partiet var både fagleg landsorganisasjon og politisk parti fram til 1899, da "Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon" (no LO) blei skipa. Dei første stortingsrepresentantane frå DNA blei valde inn frå Troms i 1903.
I åra før og under første verdskrigen voks det fram ei radikal venstrefløy i fagrørsla og Arbeidarpartiet. Dette hadde samanheng med den raske industrialiseringa, og med det dei mange anleggsarbeidarane som ville ha ei tøffare linje. Leiaren for den radikale fløya i partiet var trønderen Martin Tranmæl.
Den radikale fløya i Arbeidarpartiet fekk fleirtal på landsmøtet i 1918, der dei vedtok at partiet ikkje nødvendigvis ville respektere samfunnsordninga slik ho var sjølv om eit folkefleirtal stod bak ho. I 1919 gjekk Arbeidarpartiet inn i Den kommunistiske Tredje Internasjonalen (Komintern), og i 1920 godtok fleirtalet i partiet dei såkalla "Moskvatesene", dei autoritære opptaksvilkåra Komintern hadde vedteke. Dette førte til kløyving av partiet, og dei prinsipielle sosialdemokratane danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA) i 1921. Olav Oksvik frå Møre og Romsdal var ein sentral personlegdom i dette partiet.
Den politiske gruppa Mot Dag, stifta i 1921 og i hovudsak med intellektuelle medlemmar, var frå starten av tilslutta partiet, og tok sikte på å utgjera ein revolusjonær elite. Men i 1925 vart gruppa ekskludert frå partiet, gjekk inn i Norges kommunistiske parti (1926-28) og var til slutt uavhengig til ho vart oppløyst i 1936.
I 1923 hadde likevel Tranmæl og fleirtalet i DNA fått nok av Komintern. Dei trekte seg ut, sjølv om dei framleis ville vere "sympatiserande organisasjon". Dei som ville stå i Komintern, danna Norges Kommunistiske Parti, med Olav Scheflo som leiande person.
Det var no tre arbeidarparti i landet, og LO, som ikkje var blitt kløyvd, såg dette som svært uheldig. I 1927 gjekk DNA og NSA etter press frå LO saman att. Eit absolutt krav frå NSA var at prinsippet om folkefleirtalet blei slått fast. Ved valet same året blei partiet størst i landet. I 1928 skipa dei jamvel regjering med Christopher Hornsrud som statminister, men denne regjeringa blei avsett av det borgarlege stortingsfleirtalet etter eit par veker.
Valet i 1930 blei eit tilbakeslag, da partiet sin relative del av røystene gjekk ned. Dette skuldast først og fremst ei kraftig mobilisering på borgarleg side, med den høgrenasjonalistiske organisasjonen Fedrelandslaget i brodden for agitasjonskampanjen mot arbeidarrørsla. Men også det at fleirtalet på landsmøtet i Arbeidarpartiet med Tranmæl i brodden hadde forlate prinsippet om folkefleirtalet att, gjorde at partiet stod lageleg til for hogg.
Men før valet i 1933 hadde Arbeidarpartiet konsolidert seg på ei demokratisk linje, og dessutan vedteke ein konkret politikk for å få det arbeidande folket i både bygd og by ut av den lammande økonomiske krisa. Med parolar som "By og land, hand i hand" og "Hele folket i arbeid" og med Johan Nygaardsvold i brodden, gjekk Arbeidarpartiet kraftig fram. Fleirtalet fekk dei ikkje. Men etter eit kriseforlik med Bondepartiet, som og var sterkt misnøgd med Venstre og Høgre sin økonomiske politikk, kunne Johan Nygaardsvold danne den første varige arbeidarregjeringa i Noreg i 1935. Arbeidarpartiet gjekk fram også ved valet i 1936, men fekk heller ikkje no fleirtal åleine. Nygaardsvold-regjeringa heldt likevel fram, heilt til ho blei avsett ved den nazi-tyske invasjonen i 1940. Nygaardsvold-regjeringa og politikken deira førte til ei konsolidering av demokratiet i Noreg, ein begynnande økonomisk framgang og ny optimisme i folket, og la grunnen for den blandingsøkonomiske samfunnsmodellen og velferdsstaten vi har.
[endre] Frå 1945 til idag
Trass i at borgarlege krinsar prøvde å gi arbeidarrørsla skulda for at Noreg ikkje hadde vore godt nok budd på det nazi-tyske åtaket i 1940, viste folket ved valet i 1945 kva politiske lærdommar folk flest trekte. For første gong blei det sosialistisk fleirtal på Stortinget. Arbeidarpartiet heldt stillinga frå det gode valet i 1936, og Norges Kommunistiske Parti fekk 11% attåt etter at kommunistane hadde vore svært aktive i motstandskampen. Dei borgarlege gjekk tilbake.
Med Einar Gerhardsen som statsminister kunne Arbeidarpartiet begynne på ein tjue års periode i regjering. Berre i ein kort periode var Gerhardsen avløyst av Oscar Torp, også han frå DNA, først på 1950-talet. Dette var ein stor framgangsperiode for landet, med økonomisk vekst, full sysselsetjing og jamnleg meir velstand til dei aller fleste. Dei første åra, gjenreisingsåra etter krigen, med nokså direkte politisk styring av økonomien og sosialistisk preg, frå 1952-53 med meir indirekte verkemiddel og meir marknad i blandingsøkonomien.
Men samtidig var det ein periode med visse autoritære trekk, da den kalde krigen slo inn også i Noreg. Ikkje berre kommunistane, men også alle andre som ikkje utan vidare ville applaudere det dei vestlege stormaktene gjorde blei mistenkjeleggjorde. Innetter i Arbeidarpartiet heldt den mektige partisekretæren Haakon Lie eit strengt regime, som effektivt knebla debatten og opposisjonen i parti, fagrørsle og arbeidarpresse. I ettertid er det også blitt prova at det var ulovlege band mellom leiinga i DNA og overvakingspolitiet, slik at mange tusen menneske her i landet er blitt overvaka og delvis skadelidande på grunn av politiske meiningar, utan anna og gyldig grunn.
Dette var bakgrunnen for at nokre følte at ei ny avis måtte skipast av dei som var skeptiske til den offisielle kursen med full støtte til vestleg opprusting og jamvel vestleg imperialisme. Dette bladet kom til i 1953, og var avisa Orientering. Viktig drivkraft var journalisten og DNA-medlemmen Finn Gustavsen, og blant støttespelarane var prinsippfaste sosialdemokratar som Olav Oksvik og Christopher Hornsrud, folk som i 1948-49 hadde gått inn for eit nordisk forsvarsforbund, ikkje NATO. Orienteringskrinsen gjekk inn for eit tredje alternativ, verken vestleg kapitalisme eller austleg stalinisme, men demokratisk sosialisme og motstand mot all imperialisme og atomopprusting.
Motstanden mot atomopprustinga og særleg uviljen mot å få atomvåpen på norsk jord, fekk tilslutning frå stendig fleir. Dette synte seg under det såkalla "påskeopprøret" i 1958, da unge DNA-medlemmer, mellom dei Berge Furre, fekk fleirtalet i stortingsgruppa til partiet til å skrive under på dette. Reaksjonen var sterk, og var den reelle grunnen til at Furre og fleire blei ekskluderte frå partiet.
Eksklusjonane og det at landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1961 ikkje sa klart nei til atomvåpen i Noreg, gjorde at eit nytt parti på venstresida blei skipa dette året. Partiet blei danna av i hovudsak tidlegare medlemmer i AUF og DNA, og fekk namnet Sosialistisk Folkeparti (SF). Dette var eit venstre-sosialdemokratisk parti som skilte seg frå Arbeidarpartiet ved at dei var mot atomopprustinga, mot også vestleg imperialisme, mot NATO og EEC/EF/EU, og for ein klarare sosialistisk kurs, meir lik den DNA sjølv hadde stått for under Nygaardsvold og dei første Gerhardsen-åra. SF var forløparen til dagens Sosialistisk Venstreparti, danna i 1975.
Frå ca 1965 har DNA og borgarlege koalisjonsregjeringar avløyst kvarandre her i landet. Stort sett stod dei alle for ein kurs som opprettheldt blandingsøkonomien og velferdsstaten i åra som følgde. Men sidan 1980-talet har den internasjonale nyliberalismen, som begynte med president Ronald Reagan i USA og statsminister Margaret Thatcher i Storbritannia, også slått inn her i landet. Dereguleringar, utskiljingar, konkurranseutsetjingar og privatiseringar kan vere i ferd med å endre det norske samfunnssystemet. Den noverande (2004) borgarlege regjeringa blir skulda for å rive ned mykje, men også den første regjeringa med Jens Stoltenberg (DNA) som statsminister delprivatiserte Statoil og SDØE (statens eigardelar i Nordsjøen). Spørsmålet no er om den planlagde "solidaritetsregjeringa" av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet (viss dei vinn valet i 2005) kan og vil snu denne utviklinga.
[endre] Oppslutning
Arbeidarpartiet si oppslutning sto på høgden dei første tiåra etter andre verdskrigen. Frå 1945 til 1961 hadde partiet reint fleirtal på Stortinget, det beste stortingsvalsresultatet kom i 1957, då Ap fekk 48,3 % av røystene. Arbeidarpartiet har tradisjonelt stått sterkast i byar og industristader og i det indre Austlandet. Dei siste tre tiåra har Hedmark og Oppland vore dei to fylka der Arbeidarpartiet har oppnådd den største oppslutninga.
[endre] Stortingsvalshistorikk 1921-2005
Årstal | Prosent av røystene |
---|---|
1921 | 21,3% |
1924 | 18,4% |
1927 | 36,8% |
1930 | 31,4% |
1933 | 40,1% |
1936 | 42,5% |
1945 | 41,0% |
1949 | 45,6% |
1953 | 46,7% |
1957 | 48,3% |
1961 | 46,8% |
1965 | 43,1% |
1969 | 46,5% |
1973 | 35,3% |
1977 | 42,3% |
1981 | 37,2% |
1985 | 40,8% |
1989 | 34,3% |
1993 | 36,9% |
1997 | 35,0% |
2001 | 24,3% |
2005 | 32,7% |
[endre] Sentrale arbeidarpartipolitikarar
[endre] Leiarar av Arbeidarpartiet
- Anders Andersen 1887 - 1888
- Hans G. Jensen 1888 - 1889
- Christian Holtermann Knudsen 1889 - 1890
- Carl Jeppesen 1890 - 1892
- Ole Georg Gjøsteen 1892 - 1893
- Gustav Olsen-Berg 1893 - 1894
- Carl Jeppesen 1894 - 1897
- Ludvig Meyer 1897 - 1900
- Christian Holterman Knudsen 1900 - 1903
- Christopher Hornsrud 1903 - 1906
- Oscar Nissen 1906 - 1911
- Christian Holtermann Knudsen 1911 - 1918
- Kyrre Grepp 1918 - 1922
- Emil Stang 1922 - 1923
- Oscar Torp 1923 - 1945
- Einar Gerhardsen 1945 - 1965
- Trygve Bratteli 1965 - 1975
- Reiulf Steen 1975 - 1981
- Gro Harlem Brundtland 1981 - 1992
- Thorbjørn Jagland 1992 - 2002
- Jens Stoltenberg 2002 - no
[endre] Andre
- Haakon Lie - Partisekretær i perioden 1945 - 1969.