Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Olav Oksvik - Wikipedia

Olav Oksvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Olav Oksvik blei fødd i StrandaSunnmøre i 1887. Faren var gardbrukar. Oksvik blei steinarbeidar, og var mellom anna med og bygde opp att Ålesund etter bybrannen i 1904. Men snart busette han seg i Molde, der han blei gift med Ingeborg Mittet. Der kom han til å bu resten av livet, og der var basen for den politiske verksemda hans som den leiande personlegdomen i den romsdalske og sunnmørske arbeidarrørsla.

Oksvik gjorde ein stor innsats for å byggje opp arbeidarpartilag i Romsdal og på Sunnmøre, noko som slett ikkje alltid var lett. Men i 1921 gjekk han ut av Det norske Arbeidarpartiet (DNA), og blei ein av leiarane i Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA). Oksvik var konsekvent demokratisk sosialist, og kunne ikkje vere med på ferda da DNA forkasta prinsippet om folkefleirtalet og som medlem i den kommunistiske Tredje Internasjonalen syntest å ville einsrette norsk arbeidarrørsle etter mønster av bolsjevikane i Russland.

Da det etter press frå LO kom til forhandlingar om samling, var Oksvik med i NSA-delegasjonen, og var med og sikra at det sameinte Arbeidarpartiet slo fast prinsippet om folkefleirtalet. Dette skjedde i 1927. DNA hadde gått ut av Tredje Internasjonale i 1923, men enno i nokre år var partiet sterkt prega av fraseradikalismen til Martin Tranmæl. Men på 1930-talet var Oksvik saman med Johan Nygaardsvold med på å utvikle ein sosialistisk politikk på trygg norsk og demokratisk grunn. Oksvik var og ein av arkitektane bak kriseforliket med Bondepartiet, som gjorde at Nygaardsvold kunne danne regjering i 1935. Dette var den første varige arbeidarregjeringa, som skapte ny optimisme blant arbeidarar, fiskarar og bønder, og la grunnen for den regulerte blandingsøkonomien og velferdsstaten her i landet.

Oksvik var stortingsrepresentant frå 1928 til 1953, odelstingspresident frå 1945 til 1947 og frå 1949 til 1953. Han var landsbruksminister i Gerhardsen-regjeringa frå 1947 til 1948.

Men til liks med Christopher Hornsrud, første statsministeren frå DNA alt i 1928, og Johan Nygaardsvold, blei Oksvik gradvis meir skeptisk til den politikken Arbeidarpartiet etter kvart slo inn på etter krigen. Alt i 1945 var det klart at det meste av makta i partiet var flytta frå stortingsgruppa, der distriktsrepresentantar som Oksvik stod sterkt, til det lukka miljøet på partikontoret i Oslo der den mektige partisekretæren Haakon Lie rådde. I åra som følgde viste det seg at dette hadde konsekvensar, både for den politiske linja til partiet og debattklimaet i partiet.

Oksvik var svært skeptisk til stormaktpolitikk og gjekk inn for eit skandinavisk forsvarsforbund. Men forhandlingane om dette i 1948 mislyktest, blant anna fordi delar av DNA-leiinga alt hadde bestemt seg for å gå i allianse med dei vestlege stormaktene. Og tilslutning til NATO blei mot Oksviks vilje pressa fram og vedteken av DNA sitt landsmøte i 1949 utan at saka stod på sakskartet på førehand.

Folk som Hornsrud, Nygaardsvold og Oksvik likte ikkje verken underordninga under vestleg stormaktspolitikk eller sentraliseringspolitikken som blei stadig tydelegare. Dei kritiserte at alt snakk om sosialisme blei lagt på hylla. Dei såg med velvilje på at den opposisjonelle avisa Orientering blei etablert i 1953, med ei politisk linje nær deira eige syn: Mot atomopprusting i både aust og vest, mot både austlege og vestlege stormakter sine overgrep mot små folk, for demokratisk sosialisme som alternativ til både vestleg kapitalisme og austleg stalinisme. Kretsen rundt avisa Orientering blei sidan til Sosialistisk Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti. Fleire historikarar har påpeika dei klare ideologiske trådane frå NSA på 1920-talet via Nygaardsvold-regjeringa frå 1935 til SF og SV.

Etter han trekte seg frå rikspolitikken var Oksvik fylkesmann i Møre og Romsdal. Han hadde lenge arbeidd for kraftutbygging i dei store fjellområda i Nesset og Sunndal kommunar, til både allmenn forsyning og til industrireising. Dette er Aura-anlegga. Som fylkesmann fekk han sjå krona på verket, da det store statlege aluminiumsverketSunndalsøra stod ferdig i 1954.

Men på den offisielle opninga mangla Oksvik. Han heldt seg borte i protest mot at lovnaden om meir straum til allmenn forsyning ikkje var halden, for at aluminiumsverket skulle få enda meir enn planlagt. Oksvik var kjend som pragmatikar, men var eigentleg ein svært prinsippfast politikar i botnen, og demonstrerte sin misnøye når han følte for det.

Olav Oksvik døydde i 1958. Det står statuar av han i Molde og på Sunndalsøra.

Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com