Kristent Samlingsparti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristent Samlingsparti | ||
Partileiar: | Ørnulf Nandrup | |
Oppretta: | 1998 | |
Ideologi: | Basert på Bibelen og den norske grunnloven | |
Farge: | Raud og blå | |
Hovudkontor: | Ryenveien 33, 1719 Greåker |
|
Epost: | [mailto: ] | |
Nettstad: | http://www.kirken.com/ks.htm | |
Ungdomsorganisasjon: | - | |
Partiavis: | - | |
Internasjonal tilknyting: | ? | |
Europeisk tilknyting: | ? | |
Ordførarar: 0 | ||
Kommunestyrerepresentantar: 1 | ||
Fylkestingsrepresentantar: 0 | ||
Stortingsrepresentantar: 0 | ||
Medlemstal: ? | ||
Kristent Samlingsparti tek mål av seg å snu sekulariseringa av Noreg ved å grunne alle politiske avgjerder i deira tolking av Bibelen og grunnlova. Grunnsteinen i den politiske plattformen til partiet er at Bibelen er sann og ufeilbarleg og kjem direkte frå Gud. Partiet ønskjer å avsekularisere Noreg.
Kristent Samlingsparti arbeidar mellom anna for ein strengare innvandringspolitikk. Der vern vert innvilga gjennom asyl med opphaldstillating på humanitært grunnlag skal utgangspunktet vere at asylmottakaren reiser tilbake til opphavslandet etter at forholda der har stabilisert seg. Partiet er særs Israelsvenleg. U-hjelp, frivilleg bistand og gåver skal i større grad distribuerast gjennom kristne og andre humanitære (òg ikkje-kristne) kanalar og organisasjonar.
Innanriks arbeidar KS for ei kraftig betring av stamvegnettet og oppjustering av fartsgrensene på somme strekningar. Krass motstand mot sambuarskap, homofili og abort. Partiet ønskjer òg å gjennomføre ei drastisk endring av religionsundervisinga i skuleverket til ei rein kristendomsundervising.
I 2001 melde partiformannen, Ivar Kristianslund seg ut av partiet og skipa partiet Kristen Framtid i protest mot at sentralstyret endra vedtektene for å opne for kvinner i partileiinga.
Partiet har ein kommunestyrerepresentant i Kautokeino kommune.
Innhaldsliste |
[endre] Struktur
- Landsmøtet er det øvste styrande organet i Kristent Samlingsparti. Der møter heile landsstyret og omtrent 2 representantar frå kvart fylkeslag.
- I landsstyret sit alle fylkesfomenn og -nestfomenn.
- Mellom landsmøta har sentralstyret det politiske og administrative ansvaret. I sentralstyret sit formannen og dei to nestformenna (ein organisatorisk og ein politisk) i tillegg til to einskilde styremedlemmer.
[endre] Kort historie
Det tidlegare Kristent Samlingsparti gjekk inn i Samlingspartiet Ny Fremtid i 1994. Samlingspartiet Ny Fremtid slo seg seinare saman med Kristent Konservativt Parti den 26. september 1998. Denne fusjonen tok opp att namnet Kristent Samlingsparti.
I 2001 forlot partiformann Ivar Kristianslund partiet i protest mot at sentralstyret, i strid med vedtak gjort på landsmøtet, tillet kvinner i leiinga. Han har sidan starta partiet Kristen Framtid.
[endre] Politikk
[endre] Innanriks
Kristent Samlingsparti legg Bibelen til grunnlag for sitt politiske utgangspunkt. Hovudsaka til partiet er å snu sekulariseringa av Noreg. Med grunnlag i si tolking av Bibelen ynskjer partiet å forby abort (abort vert omtala som fosterdrap) og homofilt partnerskap. Dei vil òg avskaffe eller omarbeide likestillingslova og gjere om religionsundervisinga i skulen til eit reint kristendomsfag.
[endre] Utanriks
Partiet er i mot norsk medlemsskap i EU med grunnlag i Grunnlovens §1 og at Gud, i følgje deira tolking av Bibelen ynskjer nasjonalstatar (1. mosebok, kapittel 11, vers 1-9 og Apostelgjerningane, kapittel 17, vers 26-27). Partiet meinar at Israel er eit folk utveld av Gud, og annerkjenner difor staten Israel i fundamental forstand med Jerusalem som hovudstad.
[endre] Statistikk
[endre] Valoppslutning
[endre] Kommuneval
- Partiet fekk ein representant inn i Kautokeino kommunestyre i 1999.