Statsarkivet i Bergen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statsarkivet i Bergen, Årstadvegen 22, er ein del av Arkivverket og tek hand om eldre arkivmateriale frå statlege organ på lokalt og regionalt nivå i Hordaland og Sogn og Fjordane. Institusjonen vart oppretta i 1885, og vart fram til 1919 kalla Stiftsarkivet i Bergen. Fram til 1921 heldt statsarkivet til i Klosteret 17 ("Bethlehem"). Sommaren 1921 flytta statsarkivet til Årstad til ein nyoppført bygning (arkitekt Egill Reimers), som i 1924 fekk diplom frå Houens legat for god arkitektur. Bygningen er oppført i stein og med tydeleg inspirasjon frå eldre steinbygningar i Bergen og Selje kloster.
Statsarkivet i Bergen hadde dei geistlege arkiva frå Sunnmøre til 1929, og materiale for Rogaland til det vart oppretta eige statsarkivkontor i Stavanger.
Under andre verdskrig 1940-1945 vart arkiva (stort sett) flytta ut, og bygningen brukt av dei tyske okkupasjonsstyrkane som kontor for generalen for dei tyske landstridskreftene (Herman Tittel 1940-1941, Bruno Ortner 1941-1942, Kurt Badinski 1942-1943, Hans Wagner 1943-1944, Karl von Beeren 1944 og Johann de Boer 1944-1945) på Vestlandet, for bykommandanturet og den tyske feltkrigsretten. Tyskarane tok mange bygningar på Årstad, og bygde eit større bunkersanlegg, panservogngarasje og ei barakk for det tyske militærpolitiet på tomten til statsarkivet.
I 1975 vart det oppført ein konserveringspaviljong (arkitekt Peter Helland Hansen) på grunnmuren til Tyskarbarakka, og i 1992-1993 vart det bygd eit magasintilbygg (arkitekt Hans Jacob Hansteen). Den samla magasinkapasiteten er i 2005 om lag 15 000 hyllemeter. Det er planlagt ei ny utbygging av magasin og kontor, og nybygget skal stå ferdig i 2008.
I 2001 kom Lepraarkiva i Bergen, som er å finne ved Bergen byarkiv, Stiftelsen St. Jørgen, Norsk Medisinsk fødselsregister og Statsarkivet i Bergen, inn på UNESCO si liste Memory of the World. Samtidig kom manuskriptet til "Et dukkehjem" av Henrik Ibsen inn på same lista.
[endre] Nettsider
- Statsarkivet i Bergen http://www.riksarkivet.no/bergen/om.html
- Memory of the World index http://www.unesco.org/webworld/mdm/register/index.html