Sunnmøre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunnmøre er den sørvestlege delen av fylket Møre og Romsdal og består av dei 17 kommunane Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund. Sunnmøre utgjer saman med Romsdal og Nordmøre dei tre tidlegare fogderia som utgjer fylket Møre og Romsdal.
Sunnmørsdialekten høyrer, saman med nordfjordsmål og sunnfjordsmål til dei nordlege e-måla av vestnorske målføre — ei gruppe der romsdalsmålet oftast òg blir medrekna.