Arkivverket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkivverket er ein norsk statleg etat som oppbevarer statlege arkiv, fører tilsyn med offentleg arkivering og arbeider for å ta vare på private arkiv.
Arkivverket er underlagt Kultur- og kyrkjedepartementet og består av Riksarkivet og åtte regionale statsarkiv (i Oslo, Hamar, Kongsberg, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø). Riksarkivet oppbevarer arkiva etter statlege etatar og andre riksdekkande institusjonar. Statsarkiva oppbevarer arkiv etter lokale og regionale statlege etatar og dessutan private arkiv frå bedrifter, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar.
Digitalarkivet presenterer sentrale kjeldeseriar på verdsveven, mellom anna folketeljingane 1801, 1865 og 1900 i tillegg til dei norske emigrantdatabasane.
Arkivverket har rundt 190 tilsette og vert leia av ein riksarkivar.