Soria Moria-erklæringa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soria Moria-erklæringa er ei nemning på dei raud-grøne samarbeidspartia sitt grunnlag for andre Stoltenbergregjeringa. Regjeringa vart danna etter at partia vann fleirtal i Stortinget i Stortingsvalet 2005. Erklæringa skal etter planen avklara moglege stridsspørsmål, og danna eit politisk grunnlag for regjeringa. Samarbeidspartia er Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Partileiarane Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Åslaug Haga leia forhandlingsutvalet frå kvart av partia. Namnet på erklæringa kjem av Soria Moria Hotell i Oslo, der forhandlingane om erklæringa gjekk føre seg frå 26. september. Hotellet er oppkalla etter Soria Moria slott. Erklæringa vart lagd fram den 13. oktober. Partia sto då fram og sa at erklæringa gjev grunnlag for danning av ny regjering. Regjeringa vert formelt danna den 17. oktober.
[endre] Nokre forhandlingsemne
- Grad av Petroleumsverksemd i Barentshavet og utanfor Nordland fylke.
- Norsk landbruk sine vilkår, mellom anna i høve WTO-avtala
- Norsk militær deltaking i Afghanistan og Irak
- Organiseringa av offentlege sjukehus
- Skulemat
- Karakterar i skulen
- Ekteskap og adopsjon for homofile
[endre] På verdsveven
- [Regjeringsplattform] www.sv.no
- [Slik blir det rødgrønne Norge] Dagbladet
- 155 punkter med felles politikk www.dna.no
- Bush skjeler til Soria Moria Nettavisen
- Energi kan velte regjeringslasset Stavanger Aftenblad
- Soria Moria-erklæringa må skrivast på nynorsk Pressemelding frå Noregs Mållag
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |