Kristin Halvorsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristin Halvorsen er leiar i Sosialistisk Venstreparti og blei utnemnd til finansminister i regjeringa Stoltenberg II etter valet i 2005.
Ho representerer Oslo på Stortinget, og var i førre perioden medlem i Utanrikskomiteen, Den utvida utanrikskomiteen, Valkomiteen og Stortinget sin delegasjon for samband med EU-parlamentet. Ho var òg gruppeleiar for SV si stortingsgruppe. Ho har vore stortingsrepresentant sidan 1989.
Kristin Halvorsen er fødd 2. september 1960 i Horten i Vestfold. Ho har universitetsfaga sosialpedagogikk og kriminologi, og har arbeidd som sekretær i eit advokatfirma. Ho har hatt mange tillitsverv i Sosialistisk Ungdom og SV.
I 2004 gav ho ut boka «Rett fra hjertet» på Gyldendal forlag (Kristin Halvorsen i samtale med Ingolf Håkon Teigene).