Petroleumsverksemd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petroleumsverksemd, petroleumsnæringa eller oljeindustrien vert gjerne brukt om alt som har med produksjon av petroleum å gjere, frå utvinning og transport, til foredling og sal, samt forsyningsnæringa (som oftast kalla supplynæringa). Desse vert gjerne delt inn att i offshore (eller utaskjærs) verksemd og landbunde (onshore) verksemd.
Ettersom petroleum er ei av dei viktigaste energikjeldene i verda, er slik verksemd viktig for både lokalsamfunn og land (sjå mellom anna petroleumsverksemda i Noreg). I mange land er petroleumsverksemd ein av dei viktigaste næringsvegane. Petroleumsnæringa treng mykje og dyrt utstyr, og mykje mannskap, noko som fører med seg store positive økonomiske ringverknader. Petroleumsverksemda er i somme land vorte så omfattande at det utgjer mest heile nasjonaløkonomien. Mellom slike land er Kuwait og Saudi-Arabia. Om inntektene til eit land er tufta mest berre på petroleumsverksemd, vert det omtala som Kuwaitøkonomi.
Petroleumsverksemd vert vanlegvis delt inn i tre hovuddelar. Desse delane er:
- Oppstraums petroleumsverksemd - Leiting etter og utvinning av petroleum
- Midtstraums petroleumsverkstemd - Transport, lagring og sal av store mengder ikkje raffinert petroleum
- Nedstraums petroleumsverksemd - Raffinering og sal av petroleumsprodukt til forbrukarar