Jens Stoltenberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Stoltenberg (f. 16. mars 1959) i Oslo) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han er norsk statsminister frå 17. oktober 2005, som leiar for andre Stoltenbergregjeringa. Han har tidlegare vore statsminister frå mars 2000 til oktober 2001 i regjeringa Stoltenberg I. Han har vore finansminister (1996 - 1997), nærings- og energiminister (1993 - 1996) og statssekretær i Miljøverndepartementet (1990 - 1991).
Jens Stoltenberg er òg leiar av Arbeiderpartiet, eit verv han overtok etter Thorbjørn Jagland i november 2002. Frå 1992 hadde han vore fyrste nestleiar i Ap.
Stoltenberg er gift og har to barn, og er son av tidlegere utanriksminister Thorvald Stoltenberg og tidlegare statssekretær Karin Stoltenberg. Han er utdanna sosialøkonom.
Kjell Magne Bondevik etterfylgde Stoltenberg som statsminister i 2001, medan Stoltenberg i sin tur har etterfylgd Bondevik i 2000 og 2005.
Føregjengar: Kjell Magne Bondevik |
Statsminister i Noreg |
Etterfylgjar: Kjell Magne Bondevik |
Føregjengar: Kjell Magne Bondevik |
Statsminister i Noreg (2005–)
|
Etterfylgjar: |