Skjåk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0513 |
Fylke: | Oppland |
Administrasjonssenter: | Bismo |
Flatevidd: | 2 079 km² |
Folketal: | 2 376 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.skjaak.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Ola Stensgård (Sp) 2004 |
Skjåk er ein kommune og fjellbygd i Oppland. Kommunen ligg lengst vest i Ottadalen. Den grenser i nord til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Kommunen ligg mellom flellpartia Breheimen og Reinheimen. Bismo er eit moderne bygdesenter der dei fleste har arbeid i industri, handel og tenesteyting.
Bygda ligg langs ein av dei viktigaste ferdselsårene mellom Stryn og Nordfjord, Geiranger og Sunnmøre og dei andre ottadalskommunane i aust, Vågå og Lom. Landbruksbygda med mange gardar ligg i eit breitt dalføre med høge fjell på begge sider, furumoar og bratte lier. Elva Otta renn gjennom dalen. Viss du kjem frå vest over Strynefjellet eller frå Geiranger vil du kjøre forbi Grotliområdet og Billingsdalen med høgfjell og mange vassdrag før du etterkvart kjem til bygdesenteret Bismo. Skjåkbygda ligg i regnskuggen for nedbør, og har den lågaste nedbøren i landet med 278 mm i året. Dette har tvinga bygdefolket til løysingar for kunstig vatning med vatn leda frå fjellet gjennom sinnrike ordningar.
Kjende produkt frå Skjåk er marknadsførte som skjåkmjøl, skjåkpølse, skjåkskinke og skjåkpanel. Skjåkmøbler AS lagar møbler. I kommunen driv ein òg med tradisjonsrike handverk som lafting, treskurd og rosemåling.
[endre] Kjende personar frå Skjåk kommune
- Jan Magnus Bruheim, forfattar
- Magnhild Bruheim, forfattar
- Fel-Jakup, spelemann
- Aslaug Høydal, forfattar
- Skjåk-Ola (1744-1804), treskjerar
- Tore Ørjasæter, forfattar
[endre] Kjelder
|