Nord-Aurdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0542 |
Fylke: | Oppland |
Administrasjonssenter: | Fagernes |
Flatevidd: | 908 km² |
Folketal: | 6 425 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.nord-aurdal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Svein Erik Hilmen (Sp) 2004 |
Nord-Aurdal er ein kommune i Oppland. Han grensar i nordaust til Gausdal og Nordre Land, i aust til Etnedal, i søraust til Sør-Aurdal, i sørvest til Gol, i vest til Hemsedal, og i nordvest til Vestre Slidre og Øystre Slidre.
Kommunen ligg i Valdres i det sentrale Sør-Noreg, mellom Hallingdal, Gudbrandsdalen og Land.
Innhaldsliste |
[endre] Folkesetnad
Om lag halvparten av nord-aurdølane bur i tettstadene Fagernes (1767 inb.), Leira (792 inb.) og Aurdal (718 inb.).
[endre] Mål
Det tradisjonelle målføret i kommunen er valdresmål. Målform i kyrkje og skule skiftar mellom dei ulike bygdene, men bokmål dominerer.
[endre] Geografi
Dei største innsjøane er Tisleifjorden, Ølsjøen, Strondafjorden (delt med Vestre Slidre), Aurdalsfjorden og Steinsetfjorden (delt med Etnedal). Elva Tisleia kjem frå Tisleifjorden og renn inn i Ølsjøen, mens ut or denne renn Åbjøra (regulert) til Aurdalsfjorden.
Valdres dannar kjeldene til Begnavassdraget, og elva Begna renn gjennom store delar av dalen. Den fører hovuddelen av tilsiget til Strondafjorden og har utlaup frå den og til Aurdalsfjorden. Derifrå renn elva søraustover til Sperillen.
Høgaste punkt i kommunen er Duptjernkampen med ei høgd på 1325 meter over havet. Om lag 50% av kommunen ligg meir enn 900 meter over havet. Kommunens lågaste punkt er 410 meter over havet.
Nord-Aurdal måler 52.4 km på nord-sør-aksen og 43.3 km på aust-vest-aksen.
[endre] Næringsliv
Primærnæringane er framleis den viktigaste næringa i kommunen. I tillegg til offentleg sektor og tenesteytande næringar så er turistnæringa også betydeleg med mellom anna Valdres skisenter og Valdres alpinsenter.
[endre] Sjåverdigheiter
Valdres Folkemuseum
[endre] Utdanning
- Valdres vidaregåande skule
- Valdres folkehøgskule
[endre] Kjende personar
[endre] Eksterne lenkjer
|