Sør-Aurdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0540 |
Fylke: | Oppland |
Administrasjonssenter: | Bagn |
Flatevidd: | 1 109 km² |
Folketal: | 3 243 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.sor-aurdal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Knut Torgersen (Ap) 2004 |
Sør-Aurdal er ein kommune i Valdres i Oppland fylke. Han grensar i nord mot Nord-Aurdal og Etnedal, i nordaust mot Nordre Land, i aust mot Søndre Land, i sør mot Ringerike og Flå, og i vest mot Nes og Gol.
Innhaldsliste |
[endre] Folkesetnad
Folketalet (3 242 inb.) har har vore søkkande sidan 2. verdskrigen, da kommunen hadde nesten 4 200 innbyggjarar.
Sør-Aurdal er oppdelt på fire sokn: Bagn (1 534 inb.), Reinli (433 inb.), Begnadalen (525 inb.) og Hedalen (751 inb.). Folk frå desse bygdene blir kalla høvesvis begningar, reinlingar, begnadølar og hedølar eller hedølingar.
Kommunesenter og einaste tettstad er Bagn (609 inb.).
[endre] Språk
Frå gammalt av går det ei tydeleg språkgrense mellom de nordlege og sørlege bygdene i Sør-Aurdal: I Bagn og Reinli snakkast valdresmål, og i kyrkja og skulen er målformen nynorsk. I Hedalen og Begnadalen, derimot, snakkast ringeriksmål, og der blir bokmål brukt i kyrkja og skulen.
[endre] Historikk
1805 blei Aurdal prestegjeld oppdelt på Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Då Noreg blei inndelt i kommunar 1837 kom grensene for kommunar og prestegjeld oftast å bli identiske, og så var det i Valdres òg.
1894 blei Etnedal oppretta som prestegjeld og kommune ved frådeling av Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal.
Frå då av har grensene vore stort sett uendra.
[endre] Tusenårsstad
Kommunens tusenårsstad er Bangsmoen med Vangen og Ulekjørketomta. Bangsmoen ligg i nærleiken av Bagn kyrkje og elva Begna. Der finst ein intakt butikk frå 1881, som i si tid skal ha vore den største forretninga i Valdres.
[endre] Sjåverdigheiter
- Reinli stavkyrkje
- Hedalen stavkyrkje
- Bagn bygdesamling, eit friluftsmuseum 6 kilometer sør for Bagn
- Bautahaugen Samlinger, eit friluftsmuseum i Hedalen
- Bagnsbergatn gård, krigsminnesmerke
- Sandviken husmannsplass, utstillingsgard for Bagn bygdesamling
- Ulekjørka, stig til tomta etter den gamle stavkyrkja i Austre Bagn
[endre] Kjende personar
- Mikkjel Fønhus
- Hans Jacob Stabel
[endre] Eksterne lenkjer
|