Geiranger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geiranger er ei bygd som ligg djupt inne i Storfjorden i Stranda kommune på Sunnmøre. Ho er mest kjend for turistliv, og er eit av Noregs mest besøkte turistmål. Her er det fem hotell og åtte andre overnattingstadar fordelt på drøyt 240 fastbuande. Mest kjend av turistatraksjonane er nok Flydalsjuvet, Dalsnibba og dei Sju Søstre.