Ragnhild
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild er eit norsk kvinnenamn og førenamn. Namnet stammar frå norrøn tid og er sett saman av Ragn- og hild. Ein finn det att på Island som Ragnhildur og på Irland som Ragnhailt.
Ein kjenner til at namnet vart brukt frå 800-talet. Det haldt seg i bruk gjennom kristninga og reformasjonen, og var særleg mykje brukt i Oppland.
Namnet er òg eit tradisjonelt kongeleg namn som var bore av fleire norske dronningar. I soga om Halvdan Svarte i Heimskringla skriv Snorre Sturlason om dronning Ragnhild Sigurdsdotter som drøymde store draumar om korleis etterslekta hennar skulle styra landet.
Ragnhild vart svært populært rundt 1930, då Prinsesse Ragnhild vart fødd og fekk dette namnet. Sidan har det tapa popularitet. Det er omlag 16 500 som heiter Ragnhild i Noreg i dag (SSB 2005).
Innhaldsliste |
[endre] Personar med Ragnhild som førenamn
[endre] Norske kongelege
- Dronning Ragnhild Sigurdsdotter
- Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen
- Ragnhild Lorentzen, dotter av prinsesse Ragnhild
[endre] Andre
- Ragnhild Sælthun Fjørtoft, TV-vertinne
- Ragnhild Furholt, norsk folkemusikksongar
- Ragnhild Gylver, norsk forfattar
- Ragnhild Grødal, norsk forfattar
- Ragnhild Hveger, dansk symjar
- Ragnhild Jølsen, norsk forfattar
- Ragnhild Nilstun, norsk forfattar
- Ragnhild Magerøy, norsk forfattar
- Ragnhild Myklebust, norsk idrettsutøvar
- Ragnhild Söderbergh, professor i barnespråk
- Ragnhild Vaishnavi, norsk komponist
[endre] Anna
- Ragnhild er namnet på ein trilogi og første boka i trilogien, skrive av Olav Duun
[endre] På verdsveven
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ragnhild hjå Statistisk Sentralbyrå