Ragnhild Lorentzen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Alexandra Lorentzen Long (f. 8. mai 1968) er det yngste barnet til Prinsesse Ragnhild og Erling Lorentzen. Ho blei født og vaks opp i Rio de Janeiro, studerte journalistikk i San Francisco, og er i dag busett der. Ho har budd eitt år i Norge.
Ettersom ho nedstammar frå dronning Victoria av Storbritannia, og stod dermed ho på arvelista til den britiske trona. I samband med gulljubiléet til dronning Elizabeth i 2002 ville den britiske avisa The Guardian intervjua dronninga, og då ho avslo den næraste til å arva trona. Etter at heile den britiske kongefamilien hadde sagt nei fekk dei endeleg snakka med Ragnhild, som då var nummer 66 på arvelista.
I november 2003 gifta Lorentzen seg med irsk-amerikanaren Aaron Matthew Long. Ettersom han er katolikk blei ho ekskludert frå den britiske tronfylgja.
Ragnhild Lorentzen Long driv i dag fleire restaurantbarar i San Francisco.
[endre] Lenkjer ut
- Aftenposten-intervju i 2004
- Guardian-intervjuet i 2002 (engelsk)
- Liste over tronfylgja til den britiske trona (engelsk Wikipedia)