Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Sælthun Fjørtoft (f. 1947) er ei norsk fjernsynsdame som har gjort seg særleg kjend for sin bruk av nynorsk.
Fjørtoft er frå Seltun i Lærdal. Ho kjem frå ein politikarfamilie; mor hennar Ambjørg Sælthun var aktiv bondesaks- og senterpartipolitikar, medan bror hennar Lasse Sælthun har gått same politiske vegen.
Ho fekk jobb i Norsk rikskringkasting i 1968, der ho har vore programmedarbeidar og TV-vert sidan. Ho er kjend for sin sikre nynorske språkbruk, og har vore leiar for språkutvalet i kringkastinga. Ho er òg formann i laget Venner av Det Norske Teatret.
Fjørtoft interesserer seg òg for poesi, og gav i 2002 ut ei samling av yndlingsdikta sine, med kommentarar. Boka heiter Under bergfall og kom ut på Det norske samlaget.
I nyare tid har Fjørtoft og engasjert seg i kampen mot moderne slaveri.