Ragnhild Myklebust
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Myklebust (f. 13. desember 1943) er ein norsk idrettsutøvar og rekordvinnar av gullmedaljar.
På grunn av polio i barndommen dreiv ho med sitjeski, og var lenge rekna som ein uslåeleg meister i denne idretten. Ho deltok i Dei paralympiske leikene i 1988, 1992, 1994 1998 og 2002, der ho vann til saman tjueto gullmedaljar, meir enn nokon annan idrettsutøvar. Etter leikane i Salt Lake City slutta Myklebust å konkurrera, 58 år gammal.