Snorre Sturlason
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snorre Sturlason, (isl. Snorri Sturluson), fødd om lag 1178, døydde 23. september 1241. Han var ein islandsk hovding, forfattar og skald.
Snorre var to gonger lagmann eller lovseiemann på det islandske Alltinget. Som lagmann hadde han ei maktstilling på Island. Snorre engasjerte seg mykje i ymse politiske spørsmål. Han vart drepen på grunn av at han stødde eit opprør mot kongen av Noreg, kong Håkon Håkonsson.
Snorre segla sommaren 1218 frå Island til Noreg, og var der til 1220. Der gjesta han fyrst Skule Jarl (Skule Bårdsson) over vinteren. Sommaren etter var han i Sverige. Snorre støtta Skule Jarl i kampen mot kong Håkon Håkonsson.
Andre gong han var i Noreg var frå 1237 til 1239. Snorre vart i denne tida stempla som forrædar, og fekk forbod mot å reisa ut av Noreg. Snorre reiste til Island mot kong Håkon si vilje. Håkon lét Gissur Torvaldson drepa Snorre. Gissur og ein flokk menn tok livet av Snorre den 23. september 1241. Snorre var då på garden sin, Reykholt.
[endre] Skrifter av Snorre
- Heimskringla Norske kongesoger, skrive ned om lag 1220 - 1235
- Den yngre Edda ei handbok i kunsten å vera skald, skrive ned om lag 1220 - 1230
- Egilssoga, truleg skrive ned av Snorre om lag 1226. Ei soge om Egill Skallagrimsson.