Myrsnipe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myrsnipe |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Foto: Marek Szczepanek |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
Myrsnipe (Calidris alpina) er ein vadar og ein liten representant frå snipefamilien av ordenen vade-, måke- og alkefuglar. Ho er stor som ein stær, ca 18–20 cm lang, og har eit nebb på 3–4 cm.
Myrsnipa si utsjånad varierer mykje med alder og årstid, om sommaren kan dei vaksne fuglane lett kjennast på ein svart eller mørk flekk under buken og merkbart raudbrun rygg, elles går fargane i variantar av gråbrun.
Biotopen åt fuglen er våtområde, fjærstrender med tangbankar og mudder, han hekkar også i stor høgd eller på skrinn tundra. Fuglearten er utbreidd og hekkar over store delar av nordkalotten, medrekna Sibir, Alaska, Hudson Bay, Aust-Grønland, Island, Dei britiske øyane, Svalbard, fastlands-Noreg og kystnære område i Sverige, Finland, Danmark og Baltikum. Myrsnipa må overvintre i tempererte strøk, i Europa skjer overvintring i kystområda frå Middelhavet og nord til Dei britiske øyane og Nederland.
Det er klassifisert to underartar av myrsnipe i tillegg til den vanlige alpina:
- schinzzii, finst på Island, søraustlige del av Grønland, Færøyane, Dei britiske øyane, Sør-Skandinavia, Finland og Baltikum, overvintrar i Vest-Afrika
- arctica, på Grønland, overvintrar i Vest-Afrika
[endre] Sørlig myrsnipe
Underarten schinzzii har fått namnet sørlig myrsnipe på norsk. Ho er mattare i raudfarga på ryggen og kan ha kortare nebb enn vanlig myrsnipe, men er elles vanskelig å skilje frå hovudarten. Sørlig myrsnipe har i Noreg hatt sterk tilbakegang fordi biotypane har vorte endra med nydyrking i jordbruket. Førekomsten var estimert til mellom 50 og 100 par i 1981, og det meste av bestanden hekkar no truleg berre i eit avgrensa område på Høg-Jæren. Derfor er ho òg å finne på den nasjonale raudlista for Noreg som ein direkte utryddingstrua art. Arten er i tilbakegang også i andre land med unntak av Finland og Sverige der dei arbeider for å auke bestanden.
Den vanskelige statusen for sørlig myrsnipe har skapt strid om styresmakta skal gje løyve til å bygge vindmøller i det aktuelle hekkeområdet. Fylkesmannen i Rogaland har gått mot planane om utbygging, medan naturvernrørsla er splitta. Natur og Ungdom, Bellona og Zero har i eit brev til Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet gått inn for å sette omsyn til artsmangfald til sides for omsynet til å produsere energi frå fornybar kjelde.
[endre] På verdsveven
- Fylkesmannen i Rogaland: Synfaring vindmøllepark på Høg-Jæren (pdf)
- Brev frå naturvernrørsla til departementa