Natur og Ungdom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Natur og Ungdom (NU) er Noregs einaste miljøvernfylking for ungdom. NU er ungdomsfylkinga åt Naturvernforbundet, men er sjølvstendig driven. Alle medlemma må vera under 25 år. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig. Leiar er Bård Lappegård Lahn (2006).
Natur og Ungdom oppgjer eit medlemstal på nesten 5.000. Desse har danna over åtti lokallag i heile landet. Lokallaga har som oppgåve å ta opp miljøsaker der dei bur.
Viktige saker er å kjempa mot menneskeskapte klimaendringar, til dømes ved å få fleire til å reisa kollektivt og å hindra bygging av gasskraftverk i Noreg. Dei har òg engasjert seg mot boring etter olje i Barentshavet.
[endre] Historie
Natur og Ungdom blei stifta som ungdomsfylkinga til Norges Naturvernforbund den 18. november 1967. Det finst òg ein tilsvarande dansk organisasjon som heiter Natur og Ungdom som blei stifta i 1960.
Det var Norsk Feltbiologisk Ungdomsforening (NFU) og Oslo Katedralskoles Naturvernforening som gjekk samen om å forma den nye organisasjonen. Bakgrunnen var at begge hadde søkt om å bli ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet, men laget, som berre ønskte seg éi ungdomsfylking, bad dei om å samarbeida. Samanslåinga av ungdomslaga førde til ein del konfliktar, men òg til at kunnskap om naturen blei kopla saman med ønsket om å verna han.
Byrjinga var tung for Natur og Ungdom, som hadde få medlemer og sleit med styringa. Men etter kvart som miljøproblema vart betre kjende auka medlemstalet og nye lokallag kom til, og Natur og Ungdom blei meir synleg som kamporganisasjon for miljøet.
Natur og Ungdom var i førstninga mest opptekne med jordvern og sjølvberging. Vidare engasjerte dei seg sterkt i «Aksjon mot atomkraft», og på grunn av stor folkeleg motstand blei atomkraft aldri tillete i Noreg.
Etter kvart skulle aksjonen bli kjend for fleire aksjonar, både lovlege og ulovlege, mot det dei meinte var dei største miljøsyndarane. Under ein protest i 1984 mot at verksemda Titania A/S i Sokndal lovleg kunne dumpa 2,2 millionar tonn olje og steinstøv blanda med kjemikalium i Dyngadjupet utanfor Jøssingfjorden blei aksjonistar frå Greenpeace og Natur og Ungdom arresterte for å lenkja seg til lasteanlegget på fabrikken for å stansa transporten av malmen. Dette var første gong medlemer av Natur og Ungdom fekk bøter for sivil ulydnad. I 1990 fekk Titania pålegg om å leggja avfallet sitt på land, slik miljøvernarane hadde kravt.
Mot slutten av 80-talet voks miljøengasjementet blant folk, særleg ungdom, og Natur og Ungdom fekk mange fleire medlemer og auka aktivitet.
Organisasjonen tok eit klart standpunkt mot norsk medlemskap i EU, og fann fram mange miljøverngrunnar for dette.
Natur og Ungdom har utført mange direkte aksjonar opp gjennom åra, men dei har òg utforska og laga meldingar om miljøproblem. Laget samarbeider gjerne med andre organisasjonar, til dømes Kollektivkampanjen i 1997, som dei utførte saman med fagforeiningane til bussjåførane.
Organisasjonen gjev ut bladet Putsj, som er framhaldet av Skog og Mark og Natur og Samfunn.