Skandinavia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skandinavia er eit delvis geografisk men hovudsakleg kulturelt og historisk område som inneheld dei tre skandinaviskspråklege landa, Noreg, Sverige og Danmark. Størstedelen av området er den skandinaviske halvøya, med Danmark som ei sørleg utviding.
Dei skandinaviske landa har tidlegare ført mange krigar mot kvarandre, men har seinare søkt å samarbeida for å stå styrka i verda. Det at skandinavar kan reisa mellom landa utan pass er ein viktig del av eit slikt samarbeid.
I engelsktalande land tek ein ofte også med Finland, Færøyane og Island i Skandinavia, sidan det engelske omgrepet for Norden, the Nordic countries, ikkje er særleg i bruk.
I tysktalande land reknar ein Finland, men vanlegvis ikkje Danmark, med til Skandinavia (sjå satellittbiletet til høgre).
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |