Biologisk orden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biologisk orden er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein orden kan omfatte ein eller fleire beslekta familiar, og ein eller fleire beslekta ordenar kan sammenfattast som ein klasse.
Som hos andre kategoriar (med unnatak av arten) er det eit reint skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle orden. Innafor dagens systematikk er ein derfor meir opptatt av slektskapet mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.
Vitskapelege namn for planteordenar blir danna ved at rota av namnet på typusslekta får endinga -ales, underordenar har endinga -ineæ. I zoologien finst det ikkje tilsvarande reglar, sjølv om mange insektordenar]] sluttar på -ptera og mange kverveldyrordenar på -formes.