Konstitusjonelt monarki
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike styresett
Lista er sortert alfabetisk. |
|
Eit konstitusjonelt monarki er eit keisar-, konge- eller anna slags fyrstedøme der fyrsten, t.d. kongen, berre hev ei avgrensa makt. I sume land er fyrsten berre eit statssymbol, t.d. Sverige og Japan, og i andre land hev fyrsten konstitusjonelle funksjonar, t.d. Noreg og Storbritannia. Den eigentlege definisjonen på eit konstitusjonelt monarki er at kongens makt er avgrensa av ein konstitusjon (grunnlov).
I millomalderen var kongedømet i Noreg det me i dag vil kalla konstitusjonelt; d.v.s. kongen hadde avgrensa makt som han laut dela med andre stormenn. Kongen kunne vrakast om han fekk desse i mot seg. I Danmark-Noreg vart eineveldet innførd i 1660, i Frankrike i 1661, medan Storbritannia aldri vart einevelde. I Noreg vart einevelde avskaffa med Grunnlova i 1814, i Danmark i 1848, i Russland i 1905, medan Saudi-Arabia framleis er einevelde.