Færøysk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Færøysk (Føroyskt) |
|
---|---|
Tala i: | Færøyane |
Område: | Færøyane |
Færøysktalande i alt: | 80 000 |
Rangering: | Ikkje topp-100 |
Klassifisering: | Indoeuropeisk Germansk Nordisk Vestnordisk Færøysk |
Offisiell status | |
Skriftsystem: | det latinske alfabetet |
Offisielt språk i: | Færøyane |
Normert av: | Føroyska málnevndin |
Språkkodar | |
ISO 639-1: fo | ISO 639-2: foe |
ISO 639-3: {{{iso3}}} | SIL: FAE |
Færøysk (føroyskt) er del av den vestnordiske målgreini, sum rommar måli islendsk, færøysk, moglegvis nynorsk og det no utdøydde målet norn. Den norrøne målgreini høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måli.
Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane der det hev vore offisiellt språk sidan 1937.
Som islendsk har færøysk utvikla seg or dei gamalnorske målføri nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar kan til ein viss grad forstå kvarandre, men ikkje utan problem.
Innhaldsliste |
[endre] Mållæra (grammatikken)
Færøysk er, saman med islendsk og nokre norske og svenske målføre, einaste nordiske målet, som enno hev dei fire germanske falli: nominativ (hovudfall), akkusativ (underfall), dativ (sidefall) og genitiv (eigefall). I talmålet (og dermed au i skrift) er genitiv omtrent ute av bruk, setningane vert snudde på so eigeforma kjem fram med preposisjonar i dativ. Genitiv vert derimot bruka i faste vendingar og i fyrste ledd i samansette ord.
[endre] Døme på falli (kasusa) i færøysk
Substantiv og personfornamn vert bøygd i fall. Som hugseregel nyttar ein spørjeordet som på færøysk er ein del av fallnamnet:
døme | spurning | kallkyn (hankjøn) |
kvennkyn (hokjøn) |
hvørkikyn (inkjekjøn) |
hvørfall (nominativ) |
Hvør er hatta? | knøttur | telda | borð |
hvønnfall (akkusativ) |
Hvønn sást tú? | knøtt | teldu | borð |
hvørjumfall (dativ) |
Hvørjum hyggur tú æt? | knøtti | teldu | borði |
hvørsfall (genitiv) |
Hvørs vegna? | knøts | teldu | borðs |
[endre] Alfabetet
Færøysk nyttar det latinske alfabetet, med 29 bokstavar.
Dei er: A Á B D Ð E F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V Y Ý Æ Ø.
C, Q, W, X, Z vert ikkje nytta, men finst i sume låneord (òg Ü og Å i etternamn), men skikken er å byta desse bokstavane um med færøyske bokstavar med same uttale.
[endre] Rettskriving
Rettskrivingi er historisk-etymologisk og byggjer på opphavet til ordi helder enn koss ordet ljoder.
Opp til det 15. århundret, hadde færøysk ei liknande rettskriving som islendsk og norsk, men etter reformasjonen, forbaud dei danske styresmaktene å nyttja målet i skulen, kyrkja og offentlege dokument, altså dei viktigaste stadane der skrivemål overlever i eit samfunn der folk stort sett ikkje kan skriva. Øyfolket fortsette å nyttja målet i balladar, eventyr, og til kvardags. Dei heldt oppe ein rik munnleg tradisjon, men i dei neste 300 åra vart dette ikkje spegla i skrift.
Etter kvart som nasjonalkjensla vaks fram i Europa, vaks òg færøyingane sin interesse for sin eigen kultur og språk. Det blei samla inn balladar og eventyr, nett som i Noreg. Som ein naturleg følge vaks ønsket om å ha eit eige skriftspråk for målet sitt.
Språkforskaren Venceslaus Ulricus Hammershaimb gav ut ein standard i 1854. Sjølv um dette kunne heve vore eit høve til å skapa ei ljodnær rettskriving, som i velsk, valde han å leggja fram ei rettskriving samanfallande med ein ubroten skriftleg tradisjon frå det gamle norrøne målet. Til dømes er bokstaven «ð» ikkje knytt til noko fonem. Han er stum. Og sjølv om bokstaven «m» svarar til den bilabiale nasale konsonanten, som han gjer på norsk, så svarar han i dativ-endinga -(in)um til den alveolare nasale konsonanten «n» på grunn av fonologisk assimilasjon.
Hammershaimbs grammatikk vart møtt med noko motstand fordi han var så innfløkt, og ei rivaliserande rettskriving vart konstruert av Jakob Jakobsen. Jakobsens versjon låg nærare talespråket, men vart aldri teken i bruk av folk flest.
[endre] Jólafundurin 1888
22. desember 1888 stod det fylgjande i Dimmalætting som på den tida var den einaste avisa på færøyane:
«Ein og hvør bjóðast at koma í tinghúsið annan jóladag kl. 3 e.m., har. sum vit atla, at samráðast um at verja Førja mál og Førja siðir.»
(«Alle og einkvar bedast til å koma til tinghuset andre joledag kl. 15, der vi etlar å diskutera, korleis færøysk mål og kultur kan verjast».)
Denne var underskreve av ni framståande færøyingar.
På dette møtet som seinare er kalla «jólafundurin» (julemøtet) var det eit ordskifte om kva som kunne gjerast for å styrka færøysk mål og kultur. Seks punkt vart lagt fram:
- Færøysk mål skal verte opplæringsmål i skulen, so snart som nok skulebøker på færøysk er tilgjengelege
- I historieundervisinga skal det leggjast vekt på færøysk historie
- All utanatlæring på dansk i kristendomsundervisinga skal burt, i staden skal dette gjerast på færøysk
- Prestar må ha rett til å nytta færøysk mål i og utanfor kyrkja
- Færøysk bør bli nytta i alle offentlege samanhengar
- Det må jobbast for å skipa ein færøysk videregåande skule
("Nú er tann stundin..." på Wikisource)
[endre] Døme på færøysk
Ei prøve på moderne færøysk: Ormurin Langi.
[endre] Litteratur
- V.U. Hammershaimb: Færøsk Anthologi. København 1891, Tórshavn 1991, 2 bind. (andre bind er mellom anna ein ordsamling færøysk-dansk med 10 000 oppslagsord ved Jakob Jakobsen. Anthologien er stadig tilgjengeleg på Færøyane)
- W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese. Tórshavn 1977. (standardverk på engelsk gjennom årtia)
- J. Henriksen: Kursus i Færøsk. Tórshavn 1983 (2 bind)
- Höskuldur Thráinsson, Hjalmar P. Petersen, Jógvan í Lon Jacobsen, Zakaris Svabo Hansen: Faroese. An Overview and Reference Grammar. Tórshavn 2004 ISBN 99918-41-85-7 (nytt standardverk)
[endre] Ordbøker
- Eigil Lehmann: Føroysk-norsk orðbók - Færøysk-norsk ordabok. Tórshavn, Føroya Fróðskaparfelag, 1987.
- Hjalmar Petersen, Marius Staksberg: Donsk-føroysk orðabók. Tórshavn 2005 ISBN 99918-41-51-2 (Dansk-færøysk ordbok)
- M.A. Jacobsen, Christian Matras: Føroysk-donsk orðabók. Tórshavn 1961 (Færøysk-dansk ordbok)
- J.H.W. Poulsen et al.: Føroysk orðabók. Tórshavn 1998 ISBN 99918-41-52-0 (i 1 bind), ISBN 99918-41-53-9 (i 2 bind), ISBN 99918-41-54-7 (CD-ROM) (den fyrste ordbok færøysk-færøysk, omkring 65 000 oppslagsord, synonymer. Bilde ved Bárður Jákupsson)
[endre] På verdsveven
- Føroyska málnevndin (Færøysk språkråd. Under "Orðalistar" finst det ordlister)
- KurtMadsen.com (Færøysk-dansk amatørordbok, som no inneheld ca. 2300 ord)
- BMS.fo - Bókamiðsølan (engroshandel for alle bøker på færøysk)
- Setur.fo - Fróðskaparsetur Føroya (Universitetet på Færøyane. Den einaste staden med et fakultet for færøysk. Sommarkurs for utlendingar på engelsk)
- Færøysk analysator på nettet (under arbeid)
[endre] Hør færøysk på nettet
- UF.fo - Útvarp Føroya (Færøysk radio. Under «ÚF beinleiðis» til venstre er det nettradio)
- SvF.fo - Sjónvarp Føroya (Færøysk fjernsyn. Under «Sendingar á alnótini» er det nyheter, debatt og kulturnyheter som WMF-videoer til nedlasting)
- Heimasíða við føroyskum tónleiki (Heimeside med færøysk musikk)
Germanske språk |
Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk |
Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani |
Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk |