Jiddisch språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jiddisch er eit vestgermansk språk som blir tala av ca fire millionar hovudsakleg askenasiske jødar, over heile verda. Før Andre verdskrigen og holocaust/shoah blei språket tala av rundt ti millionar europeiske jødar, og det var daglegspråket deira, sjølve morsmålet (mameloshn), mens hebraisk berre var synagogespråket. Språket oppstod i Sentraleuropa i høgmellomalderen som ei blanding av høgtyske og sentraltyske målføre, og med mange lånord frå hebraisk og arameisk — seinare òg frå slaviske språk. Namnet jiddisch tyder ‘jødisk’ og er opphavleg ei kortform for 'jidish taitsh', eller 'jødisk tysk'. Ordforrådet er på ca 80 % tyske ord — enkelte av desse er nærmare standard høgtysk enn mange høgtyske målføre; jiddisch blir av og til òg sett som ein tysk dialekt. Jiddisch blir vanlegvis skrive med det hebraiske alfabetet.
Forfattaren Isaac Bashevis Singer (1904-1991), som skreiv på jiddisch, fekk Nobelprisen i litteratur i 1978. Den jiddischspråklege lingvisten Max Weinreich formulerte den mykje siterte metaforen «A shprach iz a dialekt mit an armei un a flot» (eit språk er ein dialekt med ein hær og ein flåte).
Innhaldsliste |
[endre] Jiddische dialektar
Jiddisch kan grovt sett delast inn i vest- og austjiddisch. Til dei vestjiddische målføra høyrer mellom anna elsass-jiddisch og eldre tysk og nederlandsk jiddisch. Austjiddische dialektar inkluderer hovudgruppene litauisk jiddisch i nord og polsk jiddisch i sør. Dei jiddische målføra i det vestlege Polen, det austlege Tyskland og delar av Austerrike, Ungarn og Tsjekkia utgjer ein overgangstype mellom vest- og austjiddisch.
[endre] Vestjiddisch
Typisk for vestjiddisch er skilnaden mellom lange og korte vokalar i kombinasjon med stort sett uendra vokalkvalitet frå mellomhøgtysk. Det heiter til dømes bētn (bede) og bettn (senger); hous (hus), vais (kvit) og bu’ch (bok). I ord med opphavleg diftong er det gjerne lengjing av førsteled eller full monoftongering: shtāin ~ shtān (stein); rāuch ~ rāch (røyk). Konsonantsystemet er mykje påverka av tysk både i germanske og hebraiske ord — slik heiter det til dømes gjerne tsēfer heller enn sēfer (tysk har ikkje ustemd framlyds-s).
Ordtilfanget i vestjiddisch er relativt lite påverka av slaviske språk. Blant typiske vestjiddische ord kan nemnast tsu óren (å bede) — jf. austjiddisch tse davenen.
[endre] Jiddische ord i skandinavisk
Ein del jiddische ord blir bruka i skandinaviske språk. Desse orda er gjerne komne til skandinavisk gjennom tysk, nederlandsk eller engelsk — men i nokre fall òg direkte frå jiddisch.
- birkes (dansk) ~ bergis (svensk) ~ barkis (svensk) m. frøloff — frå vestjiddisch berches ‘sjabbát-brød’.
- schächte v. | schächting f. slakte dyr etter jødisk rituale — lånt via tysk frå jiddisch shechtn; opphav: hebraisk שְׁחִיטָה šəḥīṭā ‘slakting av dyr etter jødisk rituale’
- sjofel adj. nedrig — lånt via tysk frå jiddisch שָׁפל shófl; opphav: hebraisk שָׁפֵל šāfēl.
- toff (dial.) el. tøff adj. i tydinga ‘gjæv’, ‘gild’, ‘flott’ —truleg lånt gjennom sjømannsspråk via nederlandsk tof frå jiddisch טוֹב tov, tof; opphav: hebraisk טוֹב ṭōḇ ‘god, bra’.
[endre] Eksterne lenkjer
- Jiddisch-norsk ordbok
- Amen bis Zores - Hebräisches im Deutschen
- www.jiddischkurs.org
- www.jiddisch.org
- yiddishculture.org
- Online-Archiv jüdischer Zeitschriften
- umfangreicher Vortrag über die Entwicklung der jiddischen Sprache
- Wikipedia på jiddisch
- Di Velt fun Yidish: Audio Stories
[endre] Litteratur
- Hans Peter Althaus: Mauscheln. Ein Wort Als Waffe, Berlin 2003.
- Marion Aptroot; Holger Nath: Einführung in die jiddische Sprache und Kultur, Hamburg 2002.
- Solomon A. Birnbaum: Yiddish. A Survey and a Grammar, Toronto 1979.
- Salomo A. Birnbaum: Die jiddische Sprache. Ein kurzer Überblick und Texte aus acht Jahrhunderten, Hamburg 1974, 2. Aufl. 1986.
- Ulf Diederichs (Hrsg.): Das Ma'assebuch - Altjiddische Erzählkunst, München 2003, 848 S., ISBN 3-423-13143-1
- Dovid Katz: Grammar of the Yiddish Language, London 1987.
- W.B. Lockwood: Lehrbuch der modernen jiddischen Sprache. Mit ausgewählten Lesestücken, Hamburg 1995.
- Ronald Lötzsch: Jiddisches Wörterbuch, Leipzig 1990 (seither neu aufgelegt als Duden-Taschenbuch).
- Leo Rosten: Jiddisch. Eine kleine Enzyklopädie, München 2002.
- Uriel Weinreich: Modern English-Yiddish Yiddish-English Dictionary, New York 1968 (seither mehrfach neu aufgelegt).
Germanske språk |
Austgermansk: gotisk | krimgotisk | vandalisk | burgundisk |
Nordgermansk: islandsk | færøysk | norn | norsk | dansk | svensk | rodi | romani |
Vestgermansk: tysk | jiddisch | plattysk | frisisk | nederlandsk | afrikaans | engelsk | skotsk | langobardisk |