Ateisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ateisme (frå gresk språk a-, 'ingen' og theos, 'gud') er manglande tru på gud(ar). Til skilnad frå agnostikaren som nøyer seg med å tvile på om det finst ein gud, eller seier at det kan ein ikkje vite noko om, seier ateisten at gud ikkje finst, og argumenterer for det. For ein ateist er Gud eit menneskeskapt fantasiprodukt, på line med andre fiktive personar frå litteratur og mytologi. Dei finn òg argument mot gudstru i det at det finst så mange variantar av denne (der kvar nye gud(eflokk) speglar samfunnet som har funne han opp), samtidig som kvar av dei gjerne hevdar å sitje med den heile og fulle sanninga frå guds hand.
I Noreg er det ein relativt stor livssynsorganisasjon for ateistar og agnostikarar, altså ikkje-religiøse, kalla Human-Etisk Forbund. Denne organisasjonen står for eit livssyn ein gjerne kallar sekulær humanisme eller livssynshumanisme.
Ei samlenemning på norsk for ateistar, agnostikarar og religiøse som ikkje vil underordne seg eit særskilt sett med dogme eller ein religiøs autoritet, er fritenkjarar.
[endre] Sjå òg
- Livssynshumanisme
- Agnostisisme
- Deisme
- Teisme
- Monoteisme
- Polyteisme
- Fritenkjarar
- Livssyn