Arna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arna er ein bydel i Bergen kommune. Arna vart oppretta som eigen kommune fra 1964, og gjekk inn i Bergen kommune i 1972. Før 1964 var Arna ein del av Haus kommune, som òg omfatta ein stor del av Osterøy.
Ådna er det gamle namnet på Arna, det finst i dag att i namna Ådnavegen, Ådnatun og Ådnanipa.
Arna bydel er i hovudsak delt opp i Haukeland, Unneland, Espeland, Rødland, Haugland, Gaupås, Ytre Arna, Indre Arna, Garnes, Takvam, Songstad og Trengereid.
I Indre Arna attmed Arnavågen ligg ei kyrkje (bygd 1867), eit handlesenter (Øyrane Torg), jarnbanestasjon, bussterminal og småbåthamn. 3 vidaregåande skular ligg på Garnes. Desse heiter Arna Gymnas, Arna Yrkesskule og Garnes vidaregåande skule. Janusfabrikken og ein av Toro sine fabrikkar ligg i Indre Arna.
Innhaldsliste |
[endre] Samferdsle
Indre Arna ligg sentralt til. Det tek sju minutt med jarnbane gjennom Urikstunnelen inn til Bergen jarnbanestasjon. Med bil på E16 bruker ein om lag femten minutt til Åsane senter og tretti minutt til Bergen sentrum dersom ein køyrer gjennom Fløyfjellstunnelen.
Indre Arna er også kjent for å ha den einaste rundkøyringa i Nord-Europa med jarnbane gjennom. Til dagleg er ikkje denne jarnbanelina i bruk, men om sommaren går det eit gamalt damplokomotiv med jarnbanevogner på denne jarnbanelina.
[endre] Frå kommune til bydel
Det opprinnelege Haus formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837, og sidan delt i 1870 i Haus og Bruvik kommunar. Gjennværande Haus hadde på denne tida 4 229 innbyggjarar. I 1964 gjekk den delen av Haus som låg på Osterøy inn i nye Osterøy kommune. Samstundes endra Haus kommune namn til Arna.
1. januar 1972 vart Bergen by utvida ved at kommunane Arna, Bergen, Fana, Laksevåg og Åsane vart ei eining. Arna kommune hadde ved samanslåinga 11 766 innbyggjarar. Den 31. desember 2004 hadde Arna bydel 12 021 innbyggjarar.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Lokalavisa Bygdanytt
[endre] Litteratur
- Randi Andersen: Frå dei eldste tider til 1840, band 1 av Arna bygdebok, Bergen 1999 ISBN 82-419-0256-5
- Svein Ivar Angell: Bygd nær byen 1840-1972, band 2 av Arna bygdebok, Bergen 2004 ISBN 82-419-0325-1