Haus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haus var tidlegare ein kommune i Hordaland fylke. Ved kommuneendringane i 1964 vart det av fastlandsdelen skipa ein ny kommune som fekk namnet Arna. I dag er området ein del av Bergen kommune.
Haus formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837. 1. januar 1870 vart området delt i Haus og Bruvik kommunar. Ved delinga hadde Haus 4 229 innbyggarar. 1. januar 1964 vart den delen av Haus som låg på Osterøy overført til den nyoppretta Osterøy kommune. Samstundes vart fastlandsdelen av Haus kommune eigen kommune med namnet Arna kommune.
1. januar 1972 vart Bergen by utvida ved at kommunane Arna, Bergen, Fana, Laksevåg og Åsane vart slege saman til ei administrativ eining. Samstundes vart Bergen fylke nedlagt og Bergen gjekk inn i Hordaland fylke som ein kommune. Ved sammenslåinga hadde Arna kommune 11 766 innbyggarar.
Innhaldsliste |
[endre] Kyrkjesokn
Haus er også namnet på eit kyrkjesokn som ligg under Osterøy prestegjeld i Bjørgvin bispedøme. Haus sokn omfattar den sørvestre delen av Osterøya.
[endre] Kjende personar frå Haus
- Henrik Gjellesvik, felespelar.
- Lars Leiro, politikar.
- Statsråd Ole Monsen Mjelde
- Statsråd Kornelius Olai Person Bergsvik
- Stortingsmann Torstein Selvik
- Fotballspelar og trenar Mons Ivar Mjelde
[endre] Bakgrunnsstoff
- kyrkja.no - Haus kyrkje
[endre] Kjelder
- Haus henta frå Bokmålswikipedia 29. mai 2005.
- Nettstaden til Den norske kyrkja