Fløyfjellstunnelen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fløyfjellstunnelen er ein del av E39 og E16, på denne strekninga kalla Åsanevegen, går frå Sandviken til Kalfaret i Bergen. Fløyfjellstunnelen har to separate løp, kvart med to køyrebanar. Det sørlege løpet er 3,2 km langt og for trafikk inn til Bergen. Det vart teke i bruk i 1989, det andre (nordlege) løpet er 3,6 km langt, tek trafikken ut av sentrum og vart teke i bruk i 1988. Tunnelane vart laga for å leie biltrafikken utanom sentrum. Tunnelane går gjennom Fløyfjellet, eit av dei sju fjella kring Bergen.
Kategoriar: Vegtunnelar i Noreg | Bergen | E16 | E39