Andalucía
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andalucía |
|
Fakta | |
Hovudstad | Sevilla |
Offisielle språk | Spansk |
Regionspresident | Manuel Chaves González |
Geografi | |
Flatevidd | 87 268 km² (Rangering 2) |
Folketal | 7 478 432 (2003) (Rangering 1) |
Folketettleik | 85,70 innb./km² |
Andalucía (stundom òg skrive Andalusia) er ein spansk autonom region. Hovudstaden er Sevilla. Regionen grenser til Extremadura og Castile-La Mancha i nord, Murcia i aust, britiske Gibraltar i sør, Portugal i vest, og har kyst mot Middelhavet og Atlanterhavet i sør.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Området var romersk provins under namnet Hispania Baetica. Det blei erobra av visigotar og seinare maurarar, som ga det namnet Al-Andalus.
Området har mange spor etter tidlegare tider. Den ein gong så mektige antikke byen Tartessos ligg i Andalusia. Ein kan òg sjå ei rekke mauriske byggverk her, som Alhambra i Granada, Mezquita i Córdoba og Torre del Oro og Giralda i Sevilla.
[endre] Kultur
[endre] Musikk
Musikkstilen og dansen flamenco kjem frå denne regionen. Improviserte flamencosongar frå Andalusia kalla cante hondo blir framførte av éin songar med mykje ornamentikk og noterepetisjon, men med lite rytme.
[endre] Mat
Det andalusiske kjøkenet er prega av sjømat med mykje fisk og skaldyr. Det finst òg mange lokale søtsaker, som pestiños, frityrsteikte kaker bada i honning, småkakene alfajores og mandelmakronane amarguillos.
Sherry og gazpacho kjem frå Andalusia.
[endre] Språk
Spansken ein snakkar i Amerika er nært i slekt med den andalusiske dialekten fordi Sevilla var eit viktig utgangspunkt for den spanske koloniseringa av verdsdelen på 1500- og 1600-talet.
[endre] Geografi
Regionen er delt inn i åtte provinsar som kvar har namn etter den største byen dei inneheld: Almería, Cádiz, Córdoba, Granada, Huelva, Jaén, Málaga og Sevilla. Andre andalusiske byar er Algeciras, Jerez, Marbella og San Fernando i Cádiz.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- «Andalucia», «Andalusian cuisine» og «Music of Andalusia» på engelsk Wikipedia
Spanske autonome regionar | ||
Andalucía | Aragón | Asturias | Balearane | Baskarland | Cantabria | Castilla-La Mancha | Castilla-León | Catalonia | Extremadura | Galicia | Kanariøyane | La Rioja | Madrid | Murcia | Navarra | Valencia |