Fisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fisk er samnemninga på tre klassar virveldyr; kjevelause fisk, bruskfisk og beinfisk. Dei er kaldblodige med finnar og spord og pustar for det meste med gjeller. Det finst opp mot 30.000 fiskeslag, og dei lever overalt der det finst vatn.
Fisk som biologisk systematisk omgrep er unøyaktig, sidan ordet vert nytta om fleire ulike klassar som ikkje er nærare i slekt med kvarandre enn med t.d. amfibium.
[endre] Fisk som mat
Fisk er ei viktig kjelde til protein, vitamin A og D, jod, selen og ikkje minst omega-3-fettsyrer. Tradisjonelle norske måtar å eta fisk er luta, raka, graven, røykt, speken, kokt, dampa, bakt, steikt, som pinnar, som pudding, som kake, i grateng, turka og utvatna. Nyare måtar er rå i sushi eller ceviche.
[endre] Fiskesystematikk
- Kjevelause fisk (Agnatha)
- Slimålar (Myxiniformes)
- Niauge (Petromyzontiformes)
- Bruskfisk (Condrichthyes)
- Beinfisk (Osteichthyes)
- Størar (Acipenseriformes)
- Ålefisk (Anguilliformes)
- Sildefisk (Clupeiformes)
- Laksefisk (Salmoniformes)
- Lysfisk (Stomiiformes)
- Øglefisk (Aulopiformes)
- Lysprikkfisk (Myctophiformes))
- Karpefisk (Cypriniformes)
- Mallefisk (Siluriformes)
- Torskefisk (Gadiformes)
- Marulkar (Lophiiformes)
- Dobbeltsugarar (Gobiesociformes)
- Horngjelfisk (Beloniformes)
- Bandfisk (Lampriformes)
- Beryxfisk (Beryciformes)
- Sanktpetersfisk (Zeiformes)
- Stiklingfisk (Gasterosteiformes)
- Nålefisk (Syngnathiformes)
- Ulkefisk (Scorpaeniformes)
- Piggfinnefisk (Perciformes)
- Flyndrefisk (Pleuronectiformes)
- Månefisk (Tetraodontiformes)
- ++
[endre] Kjelder
Kategoriar: Biologi | Mat | Havet | Fisk