Vincent van Gogh
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vincent van Gogh (30. mars 1853–29. juli 1890) var ein nederlandsk kunstmålar. Han er kjend for eit dramtisk sinnsliv og for å ha vore ein føregjengar for ekspresjonisme og moderne kunst.
Innhaldsliste |
[endre] Tidleg liv
Van Gogh var fødd i Zundert i Noord-Brabant til presten Theodorus van Gogh og Anna Cornelia Carbentus. Han studerte sjølv for å blir prest, men tok som trettiåring avgjerda om å bli kunstnar etter å ha prøvd same yrkesveg som broen Theo van Gogh hadde, som kunstseljar.
I 1880–1881 studerte han teikning under Anton Mauve i Brüssel. Han studerte deretter ved kunstakademeiet i Antwerpen. Dei tidlege måleria hans skildrar arbeidar- og bondeliv, som Potetplukkarane (1885).
[endre] Paris
I 1886 flytta van Gogh til Frankrike og verka i Paris, der han blei sterkt påverka av den nye kunsten, impresjonismen. Han trefte kunstnarar som Émile Bernard, Paul Gauguin, Henri de Toulouse-Lautrec, Paul Signac og Camille Pissarro og kom i tillegg til impresjonismen i kontakt med pointillismen. Van Gogh henta òg inspirasjon frå dei enkle linene i japansk biletkunst.
[endre] Arles
I 1888 drog han til Arles sør i Frankrike, der han utvikla ein personleg, fargesterk kunst med kraftig, rørleg penselteknikk og sterke kjensler, ein stil som gav bod om ekspresjonismen. Her skapte han ei rekkje bilde som er blitt svært kjende i ettertid, mellom anna fleire sjølvportrett og dei kjende solsikkemåleria.
[endre] Samanbrot
Dette året skar han òg av seg venstre øyret og fekk eit psykisk samanbrot. Kort tid etter blei han lagt inn på eit sinnsjukehus i Saint-Remy. Dei siste to månadene av livet budde han i Auvers-sur-Oise, og her tok han livet sitt den 29. juli 1890.
[endre] Ettermæle
Medan van Gogh aldri blei godt kjend medan han levde, er han i ettertid blitt sett på som ein stor kunstnar. Innverknaden på ekspresjonisme, fauvisme og seinare abstrakt kunst var enorm.
Fleire av måleria hans er kjend som verda mest verdifulle. Dei fleste nederlandske museum har ei samling van Gogh-bilde, og det finst eit eige van Gogh-museum både i Amsterdam og Otterlo.