Camille Pissarro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Camille Pissarro (10. juli 1830—november 1903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar.
Camille Pissarro vart fødd i Charlotte Amalie på St. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein sefardisk jøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vende attende til St. Thomas for å få opplæring i forretninga åt faren. Under denne tida brukte han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela saman med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytte han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot.
Pissarro kom til å bli kjend som «impresjonismens far». Han måla bilete med fransk tematikk — særleg landskapsbilete, bilete av gardsarbeidarar og scener frå Montmartre. Han reiste så til Paris att for å undervise, og blant studentane hans kan nemnast Paul Cezanne og Paul Gauguin.
I mars 1893 sette parisgalleriet Durand-Ruel opp ei større utstilling med 46 av kunstverka åt Pissarro saman med 55 kunstverk av Antonio de La Gandara. Men medan kritikarane priste Gandara var dei tydeleg mindre entusiastiske over Pissarro sin kunst.
Camille Pissarro døydde i Éragny-sur-Epte på 12 eller 13. november 1903 og vart gravlagd på Père Lachaise-gravlunden i Paris.
I levetida si selde Pissarro berre nokre få av bileta sine. I ettertida har livsverket hans vorte sett mykje høgare, og føre 2005 har pissarrobilete vortne selde for kring 4 millionar amerikanske dollar.