Tahiti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tahiti er den største av øyane i Fransk Polynesia sør i Stillehavet. Øya ligg ved 17° 40' sørlig bredde, 149° 30' vestlig lengde, om lag halvvegs mellom Australia og Sør-Amerika. Øya er kjend for å ha gjeve inspirasjon og motiv til kunstnaren Paul Gauguin.
Hovudstaden Papeete ligg på den nordvestlege kysten. Øya er ca. 45 km på sitt breiaste og dekker eit areal på 1 042 km². Det høgaste punktet, Orohona-toppen, målar 2 241 m.o.h.
Vegetasjonen på øya er regnskog og klimaet er mildt tropisk, med regntid frå november til og med april. I tillegg til å vera den største øya i Fransk Polynesia har ho og flest folk, med rundt 70 % av innbyggjarane i området.