Parafin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parafin er ei fargelaus brennbar væske som vert utgjort av hydrokarbon. Parafin kan utvinnast frå råolje. Parafin har kokepunkt frå om lag 150°C til om lag 250°C. Parafin har ein tettleik (eigenvekt) på kring 0,80 kg/l. Kjemisk vert parafin utgjort av hydrokarbon med mellom 12 og 15 karbonatom.
Parafin vart fyrst funne fram til av den tyske forskaren Carl Reichenbach.
[endre] Bruk
Parafin vert nytta som drivstoff i fly, til jetmotorar. Då under namn som til dømes "Jet A1", "JP-4", "JP-8", "F34", "F35".
Parafin er òg mykje nytta til oppvarming, særleg av bustadhus.
Raffinert Parafin har òg vorte nytta som rakettdrivstoff, under namnet RP-1.
Parafinlampa gjev ei form for levande lys. Lampa vart bruka over heile verda før ein fekk elektrisitet.
Nokre gonger vert parafin nytta til oppvarming og koking innan matlaging. I mange utviklingsland vert det nytta parafin som ikkje er så mykje raffinert, og kan innehalda stoff som elles vert fjerna. Parafin kan verta nytta til å fjerna lus frå hår, men ein bør ikkje få parafin på huden.
[endre] Ulike namn i ulike land og språk
- Fotogen - Svensk språk
- Kerosene - Sambandsstatane og Australia)
- Kerosine - Nederlandsk språk
- Paraffin eller paraffin oil - Storbritannia og Sør-Afrika
- Petroli - Finsk språk
- Turbosina - Spansk
- Petroleum - Danmark og Tysk språk - Det tyske namnet for jetmotordrivstoffet er Kerosin og petroleum er Mineralöl.