Spansk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spansk (au kjent som kastiljansk) er eit iberoromansk språk, og det tredje mest snakka språket i verda. Det er morsmålet for omkring 352 millionar menneske, eller 417 millionar viss ein inkluderer òg dei som ikkje har spansk som morsmål (i fylgje estimat frå 1999). Majoriteten av den spansktalande befolkninga lever i Latin-Amerika.
[endre] Geografisk distribusjon
Spansk er eit av dei offisielle språka i dei sameinte nasjonane, Den afrikanske unionen, Den europeiske unionen og i USA. I tillegg er spansk eit offisielt språk (og det viktigaste språket) i 20 land: Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Costa Rica, Cuba, Den dominikanske republikken, Ecuador, El Salvador, Ekvatorial-Guinea, Guatemala, Honduras, Mexico, Nicaragua, Panama, Paraguay, Peru, Puerto Rico, Spania, Uruguay og Venezuela.
Spansk er òg talemål i Andorra, Belize, Canada, Gibraltar, Israel, Nord-Marokko, Dei nederlandske Antillane, Filippinane, USA, Trinidad og Tobago og Vest-Sahara. Den nærskylde varianten jødespansk blir i dag særleg tala i Tyrkia (fram til andre verdskrigen òg i Hellas og andre stader på Balkan), men òg i nokon grad i Israel og nokre av kystbyane i Marokko — den sistnemnde staden under namnet haquetía.
[endre] Sjå au
- Spansk grammatikk
- Jødespansk språk (djudíospanyol, djudesmo, haquetía)
- Ladino (jødisk omsetjingsspansk for omsetjingar frå hebraisk og arameisk)
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |
Kategoriar: Spansk språk | Romanske språk | Språk i dei sameinte nasjonane | Språk i den afrikanske union | Språk i den europeiske unionen | Språk i USA | Språk i Argentina | Språk i Bolivia | Språk i Chile | Språk i Colombia | Språk i Costa Rica | Språk på Cuba | Språk i Den dominikanske republikken | Språk i Ecuador | Språk i El Salvador | Språk i Ekvatorial-Guinea | Språk i Guatemala | Språk i Honduras | Språk i Mexico | Språk i Nicaragua | Språk i Panama | Språk i Paraguay | Språk i Peru | Språk i Puerto Rico | Språk i Spania | Språk i Uruguay | Språk i Venezuela | Språkspirer | Spirer 2006-12