Klanen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klanen er organisasjonen til tilhengjarane av idrettsklubben Vålerenga, særleg fotballklubben. Han har om lag 14 000 medlemmar og er den mest kjende supportarklubben i Noreg.
Klanen blei formelt stifta 5. mai 1991, men gruppa byrja på starten av 80-talet. Han oppsto til dels som ein reaksjon på den eksisterande «Vålerengens Supporter Club». Dette var mykje av eit kulturskilje kor rolla til Supporter Club-en var å skaffe pengar til klubben, mens dei som skulle bli Klanen tenkte meir på å få folk og liv på tribunane.
I byrjinga var grupperinga kjend under namnet Apeberget og var særleg knytta til ishockey-miljøet. Bakgrunnen for apebergnamnet var at ein VG-journalist feilaktig kalte vålerengsupportarane på ein bortekamp mot Sparta Sarpsborg for dette namnet. Spartasupportarane hadde teke namnet frå Sverige, og det var dei som eigenleg kalte seg Apeberget.
Klanens oppgjer med nazist-infiltratørar på 90-talet bidrog til etableringa av «Vålerenga Mot Rasisme».
Klanen har i dag ei viktig rolle for klubben ut over det å mobilisere tilskodarar til kampane. Han er deleigar i «Vålerengasjappa» som sel supportareffektar, og i fotballpuben «Bohemen». Overskotet frå desse foretaka blir ført attende til klubbar i Vålerenga-systemet. Klanen er òg ivrig med og stør dei aldersavgrensa laga til klubben i Norway Cup.
Klanen er òg kjent som «Det største mannskoret i Noreg» på grunn av sine songar på kamp. Dei er mykje retta mot byrival Lyn og ymse «bønder», klansspråk for alle som ikkje stør Vålerenga.
I Vålerenga symboliserar drakt nummer 12 Klanen.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Gjerdalen BA, og Teigøy J: Fra Sotahjørnet til Bohemen. Vålerengens Idrettsforening 1913-2003
Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over idrettsspirer. |