Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Madden-Julian oscillasjon - Wikipedia

Madden-Julian oscillasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

5-dagars løpande middel av MJO. Merk korleis den forplantar seg austover med tida.
Forstørr
5-dagars løpande middel av MJO. Merk korleis den forplantar seg austover med tida.

Madden-Julian oscillasjonen (MJO) er ein nedbørsanomali på planetær skala som forplantar seg langs ekvatorområdet.

MJO er karakterisert ved ein austleg forplanting av store område med både auka og minka tropisk nedbør. Hovusakleg skjer dette over Det indiske havet og Stillehavet. Det unormale nedbørsmønsteret merkar ein først over vestlege delar av Det indiske havet, før det forplantar seg over det varme vatnet i vestlege og sentrale områder av det tropiske Stillehavet. Mønsteret ser derimot ut til å forsvinne når det flyttar seg over dei kjølegare havmassane i det austlege Stillehavet, men dukkar så opp igjen i tropiske område av Atlanterhavet og tilbake til Det indiske havet. Ein våt fase med forsterka konveksjon og auka nedbør er etterfulgt av ein tørr fase der konveksjonen vert svekka. Kvar syklus varer omlag 30-60 dagar, og på grunn av det er MJO òg kalla «30-60 dagarsoscillasjonen», «30-60 dagarsbølgja» eller «intraperiodisk oscillasjon».

[endre] Atmosfærisk mønster

Ein har særskilde straummønster i både høgare og lågare delar av troposfæren i samband med MJO-mønsteret. Desse sirkulasjonane strekk seg rundt heile kloden og er ikkje berre avgrensa til den austlege halvkula.

MJO varierar mykje frå år til år, og ein kan ha lange periodar med stor aktivitet etterfulgt av år med svake svingingar. Denne variasjonen er kopla opp til El Niño-syklusen (ENSO). I Stillehavet har ein ofte kraftig MJO-aktivitet 6-12 månader før El Niño er på sitt kraftigaste, medan MJO-aktiviteten er liten under La Niña-åra. Langs resten av ekvator er det interne dynamiske forhold i atmosfæren som virkar inn på den årlege variasjonen av MJO.

MJO-effekten påverkar monsunen både i India og Nord-Amerika, men i mykje mindre grad i Nord-Amerika.

[endre] Påverknad på tropiske syklonar

MJO-fasen kan vere ein svært viktig faktor for utvikling av tropiske stormar i Nord-Stillehavet og Nord-Atlanteren. Til dømes gjev stigande rørsler i samband med MJO dårlege vilkår for å få danna tropiske stormar, medan synkande luftrørsler gjev gode vilkår. I USA vert MJO tett overvaka for at ein skal kunne få eit bilete av korleis orkansesongen vil utvikle seg.

Sjølv om tropiske syklonar oppstår i den varme sesongen (vanlegvis mai-november) på nordlege halvkule i både Stillehavet og Atlanterhavet, har ein store variasjonar i aktiviteten kvart år. Ein har funne spor av at MJO styrer denne aktiviteten (særleg for dei kraftigaste syklonane). Når MJO går austover vil og området som er best egna for å utvikle tropiske syklonar flytte seg austover frå det vestlege Stillehavet til det austlege Stillehavet og til slutt Atlanterhavet. Sjølv om det er ein klar samanheng her, er det fleire faktorar enn MJO som skal til for å få danna tropiske syklonar. Til dømes må havoverflatetemperaturen vere høg nok og det vertikale vindskjeret svakt.

På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com